Hopp til innhald

Fagstoff

Teknikkar for idéutvikling

Idéutvikling handlar om å skape idear, utvikle dei og løyse problem.
Gutt som skriver ned ideer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lær deg ein teknikk

Det finst tallause teknikkar for idéutvikling. Her skal du bli kjend med to av dei. Nokre kan brukast individuelt. Andre eignar seg best i samarbeid mellom fleire. Ofte vil det vere nyttig og naudsynt å kombinere ulike teknikkar.

Det er ikkje uvanleg at ein person blir beden om å vere leiar, eller los, for idéutviklingsprosessen. Han eller ho passar på tida, sørgjer for at stemninga er god, og at idéutviklinga blir dokumentert. Trygge, avslappa og leikne rammer for prosessen gjer at fleire tør å komme med ideane sine.

Idémyldring etter ABC-metoden

Ark med linjer for hver bokstav i alfabetet. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Skriv tema eller eit spørsmålsteikn øvst på ei side.
  2. Skriv alfabetet på linjer nedover sida.
  3. Set på ei klokke som ringjer etter ei viss tid.
  4. Skriv ord som du kjem på, eller eit spørsmål ved sida av kvar bokstav i alfabetet.
  5. Prosesslosen kan komme med forslag om for eksempel å fokusere på verb dei første fem minutta, substantiv dei neste fem minutta, og til slutt adjektiv.
  6. Plukk ut eller få nokon til å plukke ut eit utval ord som du jobbar vidare med.

Idémyldring ved hjelp av tankekart

Tegning som viser flere bobler med ord om et tema. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tankekart er ei visuell utbretting av ord som har ein samanheng. Når tankekart blir brukt til idémyldring, er poenget å bruke ein assosiasjonsteknikk. Det vil seie at du prøver å tenkje deg kva assosiasjonar du eller andre får til drikkevatn, som er det temaet som er brukt i dette eksempelet. Assosiasjonar er noko du personleg knyter til eit ord, eller noko du har lyst til skal ha samanheng med ordet.

I idémyldring er alt lov, slepp hjernen fri, og skriv det du kjem på. Det er lurt å hugse på at når du flytter deg ut eit nivå, må du prøve å gløyme alt det andre du har gjort. Drikkevatn er ikkje lenger med i assosiasjonane til iskaldt, for eksempel. Det kan vere lurt å ha nokre greiner som strekkjer seg heilt til fjerde nivå. Det er ofte langt ute i rekkjene av bobler at du finn ord som gir ein interessant tvist, altså blir ein god idé.

  1. Skriv hovudtema i ei boble i midten.
  2. Skriv assosiasjonar ut frå den.
  3. Rykk vidare til neste nivå. Start med ny assosiasjonsrunde og gløym det du allereie har skrive. Altså skriv du berre assosiasjonar til det ordet du jobbar med.
  4. Prøv å komme deg ut i minst fjerde nivå på somme boblegreiner.
  5. Når du er ferdig eller tida er ute, sjå over tankekartet og plukk ut ord du likar, som du ser ein ny samanheng mellom. Du kan lukke auga og prøve å fange dei tre orda du hugsar best, eller du kan også myse mens du ser på kartet, og sjå om nokre ord trer fram.
  6. Søk eventuelt vidare på nett og i bilete på nett for å utdjupe ordvala dine.
  7. Ta alltid vare på tankekarta dine. Om du seinare strandar med ein idé, kan du gå tilbake til tankekartet, jobbe vidare med det eller finne ein ny idé.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Idéutvikling og kreative metodar