Hopp til innhald

Fagstoff

Riktig truckkøyring med last

Her får du lære meir om korleis du køyrer med last og plasserer pallar i reol på lager. Filmen er spelt inn i simulator.

Ved løfting av pallar er det viktig å ta det med ro og treffe gaffellommene på pallen med gaflar som er beine og i vater. Dette er for å ikkje støyte borti og skade pallen. Det er viktig at gaflane kjem heilt inn i pallen. Løft til transporthøgd, cirka 20–30 centimeter over bakken, og vipp masta svakt bakover for at lasta skal få god støtte under transporten. Obs! Snu deg alltid og sjå bakover før du ryggar!

Under køyring er det viktig å vere merksam og følgje med andre truckar og eventuelle fotgjengarar på arbeidsplassen. Obs! Viss pallen er så høg at han hindrar sikt, må du rygge.

Ved plassering av last i reol er det viktig å kome seg i best mogleg posisjon før du løfter lasta. Om mogleg, vipp pallen beint før du løfter, så det blir minst mogleg rørsler i lufta. Løft til rett høgd, og køyr varsamt fram, set ned pallen, og rygg varsamt ut.

No må du passe på både bak trucken og at gaflane ikkje tek borti pall eller reol på veg ut. Når gaflane er ute av pallen og reolen, senkar du med ein gong gaflane til transporthøgd og køyrer til neste oppdrag.


Så hugs på

  • å alltid sjå bakover før du ryggar

  • å ha pallen i transporthøgd under køyring, med masta vippa bakover

  • å vere merksam på andre køyretøy og fotgjengarar i arbeidsområdet

CC BY-SASkrive av Mette Broen og Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2021

Læringsressursar

Handtere og transportere varer med truck