Hopp til innhald

Fagstoff

Feil køyring med truck

Her skal vi sjå nokre døme på brukarfeil som kan føre til farlege situasjonar. Filmen er spelt inn i simulator.

Løftehøgd: Som vi ser i dømet i filmen, må ein passe på høgda. Køyrer ein, som her, ein truck som ikkje har friløftmast, vil innermasta byrje å heve seg når ein hever gaflane. Om ein då ikkje er obs, får ein fort eit høgare toppunkt på trucken enn det ein er klar over. Då kan ein fort kome borti portopningar, tak, lysarmaturar og andre konstruksjonar.

Løftekapasitet: Ein må ikkje overstige løftekapasiteten. Som vi ser i dømet, blir det løft ein pall som overstig løftekapasiteten og dermed motvekta til trucken. Dermed "steglar" trucken ved at bakhjula blir løfte frå bakken. Dette kan medføre skade både på lasta og truckføraren. Løftekapasitet og eventuelle reduksjonar skal vere oppgitt på trucken.

Stabilitet: Stabiliteten blir påverka av fleire ting, som helling på underlag, løftehøgd, svingradius og fart. Som vi ser i dømet, går det dårleg når ein køyrer med lasta høgt hevd i stor fart i ein krapp sving. Då tek sentrifugalkrafta over kontrollen på trucken og velter han.


Så hugs på

  • å passe på løftehøgda – sjekk om du har friløftmast eller om innermasta hever seg med ein gong du byrjar å løfte lasta

  • å sjekke løftekapasiteten til trucken – dette skal vere oppgitt på maskinskilt og tabell på trucken

  • å vere merksam på stabiliteten – senk farten i svingar, pass på transporthøgda når du køyrer, og pass på bakkar og ujamt underlag

CC BY-SASkrive av Mette Broen og Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2021

Læringsressursar

Handtere og transportere varer med truck