Hopp til innhald

Fagstoff

Truck – kontroll og vedlikehald II

Her skal vi sjå korleis vi går fram når vi skal byte propanflaske. Vi skal også sjå kva som inngår i kontrollen av trucken kvar veke, og kva som inngår i den årlege kontrollen.
Gaffeltrusk løfter tømmer. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Byte av propanflaske

For å skifte ei propanflaske går du fram slik:

  • Steng hovudventilen på flaska.
  • Kopl frå den gamle flaska og set på den nye.
  • Kontroller at tetningane som skal vere der, er der.
  • Kopl saman og skru opp hovudventilen sakte.
  • Lukt om du kjenner noko. Ta litt såpevatn på koplinga for å kontrollere tettleiken.

Ikkje røyk eller bruk open varme i nærleiken av propan. Gassen er ekstremt brennbar.

Kontrollen kvar veke

Kontrollen du skal gjere kvar veke, er meir omfattande enn den du gjer til dagleg. Du skal no lære litt om det som kjem i tillegg.

Lenkje til film fra Linde om tryggleik og parkering av gaffeltruck (engelsk).

Batteriet

Ein gong i veka sjekkar du syrevekta på elektrolytten som er i batteria. Til denne sjekken høyrer også ein kontroll av elektrolyttnivået. Som du veit, består elektrolytten av fortynna svovelsyre og er sterkt etsande. Vi bruker eit aerometer eller densimeter. I daglegtale kallar vi det noko feilaktig syremålar. Dette apparatet måler eigenvekta (densiteten) til elektrolytten. Når eit batteri er fulladd, er densiteten eller eigenvekta for elektrolytten lik 1,28. Når batteriet er utladd, er eigenvekta 1,14, og i halvladd tilstand er ho 1,22.

Kontrollen må du gjere på alle batteri som er syrefylte, anten det er eit startbatteri eller eit batteri til ein elektrisk truck. Skriv inn verdiane du får, i batterijournalen til trucken. Ved ein reklamasjon på batteria treng du dette viktige dokumentet.

Aerometer. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smørjing

Behovet for smørjing varierer. Er det varme, støv og skit der trucken blir brukt, vil smørebehovet vere større enn om trucken berre blir brukt inne på eit reint lager. Dette heng også saman med kor ofte og grundig trucken blir reingjord. Smørepunkta er oppgitte i instruksjonsboka til trucken. Som ein generell regel skal du sjå etter smøreniplar på alle stader der det er rørsle. Avlast der du skal smørje, før du prøver å presse inn feitt.

Kjedene smør du med litt kjedeolje. Det er ein tynn olje som trengjer godt inn i kjeda. Vi seier at oljen er penetrerande.

Andre ting du må sjekke

Du må sjekke om kjeda er stram. Det gjer du ved å stå på gaflane når dei er nesten heilt nede, og så presse på kvar kjede. Er stramminga forskjellig, vil du kjenne det. Stram kjedene slik at dei blir like, elles vil den eine kjeda bli meir belasta enn den andre.

Gaflane sjekkar du for sprik. Maksimal sprik (høgdeforskjell på gaffelspissane) er 3 % av gaffellengda. Det vil seie at dersom gaflane måler 1 m, kan høgdeforskjellen på spissane vere maksimalt 3 cm. Slitasjen på gaffelhælen kan maksimalt vere 10 % av den opphavlege tjukkleiken. På gaffelen står dataa prega inn. Ein god regel når du køyrer truck, er at du ikkje skal dra gaflane etter asfalten eller golvet.

Skifte av filter (olje, luft, diesel og kupé) blir utført saman med servicen. Då skal også motoroljen bli skifta, og det er ein jobb for servicearbeidaren. Følg derfor med på timeteljaren, slik at du veit når trucken skal ha service.

Årleg kontroll

Kvart år skal ein sakkunnig person kontrollere trucken. Ein sakkunnig person er ein som kan mykje om gaffeltruckar og veit korleis ting skal vere. Vel han å ikkje godkjenne trucken, betyr det at trucken ikkje skal brukast. Eit klistremerke og ei påskrift i kontrollboka er stadfestinga på at kontrollen har blitt gjord. Service og kontroll gjer ein ofte samtidig.

Kontrollmerke. Illustrasjon.
CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 30.10.2018

Læringsressursar

Handtere og transportere varer med truck