Hopp til innhald

Fagstoff

Merking for sporing av sendingar ved transport

Her lærer du korleis vi merkjer alle kolli med unike sendingsnummer for at vi skal kunne spore sendingar ved transport.
Strekkode illustrert med skip, tog, fly og trailer. illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon i sendingsnummeret

For at vi skal kunne spore vareneved transport, er alle sendingar merkte med eit unikt sendingsnummer. Sendingar skal mininum ha følgjande informasjon:

  1. avsendar
  2. mottakar
  3. transportinformasjon
  4. SSCC-strekkode

Strekkoden inneheld eit sendingsnummer som er unikt for alle sendingar. Du kan lese meir om transportmerking i Transportguiden utarbeidd av GS1 Norway. Sjå lenkja i margen.

For å kunne spore sendingar blir strekkodane frå sendingane lesne på faste lesepunkt:

  • ved innlevering til terminal frå kunde
  • ved overlevering frå terminal til transportør
  • ved overlevering frå transportør til terminal
  • ved utlevering frå terminalen til distribusjonssjåfør
  • ved utlevering frå distribusjonssjåfør til mottakar

Om vi kjenner sendingsnummeret, kan vi ved hjelp av nettsida for sporing av pakker finne ut kor langt ei sending er kommen. Sjå lenkja «Pakkesporing» i margen.

Lenkjer

GS1

Pakkesporing

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.12.2018

Læringsressursar

Emballering og klargjøring