Hopp til innhald

Fagstoff

Førebygging av transportskade

Her lærer du korleis vi bruker emballasje for å førebyggje skade på produkt ved lagring og transport.
En viktig oppgave ved emballering er å forebygge transportskade.

Ei viktig oppgåve ved emballering er å førebyggje transportskade. Til dette bruker vi ulike typar emballasje. Emballasje kan førebyggje transportskade ved å

  • verne mot støyt
  • stabilisere last ved transport
  • verne mot lys (potet og lågalkoholhaldige produkt)
  • verne mot statisk elektrisitet (ESD-emballasje)
  • verne mot fukt

For å kunne velje riktig emballasje for å førebyggje transportskade treng vi kunnskapar om varene. Dersom ei vare toler vekta av andre varer som vi stablar i 2,5 meters høgd (innvendig konteinarhøgd) oppå vara, kan vi velje ein enkel emballasje som berre held varene saman. Eit døme på slik emballasje er målingsspann av metall som vi stablar oppå kvarandre. Her treng vi berre plastfolie som emballasje for å halde målingsspanna saman på ein europall og for å stabilisere pallen ved transport.

Andre gonger kan det vere slik at ei vare ikkje toler stablevekta frå andre varer. Då må vi velje ein emballasje der emballasjematerialet toler stablevekta. Stablinga skjer i lag (forband) der det underste laget må bere vekta av alle dei andre.

Kartongen i det nedste forbandet må tole ei stablevekt på 565 kg.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På figuren må kartongen i det nedste forbandet tole ei stablevekt på 565 kg basert på desse føresetnadene:

Pallvekt25 kg
Kartongvekt5 kg
ForbandsamansetjingKvart forband 3 x 4 kartongar

Lenkjer

Daglegvarebransjen laga sin eigen standard for tillaten topplast (STAND 006). Du kan lese meir om dette ved å følgje lenkja til nettstaden deira: Standardiseringsutvalget for norsk dagligvarebransje

Ved å følgje lenkja «Bokhylla» kan du søkje på «Emballering» og få opp ei elektronisk bok der du kan lese meir om emballasje: Bokhylla

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.12.2018

Læringsressursar

Emballering og klargjøring