Hopp til innhald

Fagstoff

Emballasje som vernar mot lys

Produkter som forringes i sollys, trenger lysbeskyttende emballasje.
Pappeske
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme på produkt som må vernast mot sollys:

  • potet
  • øl
  • polyetylenplast

Når vi utset potetar for sollys, produserer dei gifta solanin, og skalet på potetane blir grønt. Potetar skal derfor alltid oppbevarast mørkt.

Øl emballerer vi også mørkt, anten på fat eller boks. Flasker blir tilsett eit fargefilter for å hindre at UV-strålane frå sola slepp til, då UV-stråling øydelegg produktet.

UV-stråling frå sola bryt ned produkt som er laga av polyetylenplast (PE-plast). Over tid kan plasten bli sprø og miste eigenskapane sine. Slike produkt skal derfor vernast mot direkte sollys. Brødrene Dahl, som sel plastrøyr til kommunar og andre, lagrar derfor slike røyr i lagerhallen sin i staden for ute i sollys.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 07.12.2018

Læringsressursar

Emballering og klargjøring