Hopp til innhald

Fagstoff

Førstehjelp ved overdose

Servicemedarbeidarar, og spesielt vektarar, kan komme bort i situasjonar der ein person har teke overdose. Kva gjer du om du mistenkjer overdose?
Ambulansepersonell behandlar ein person som har teke overdose. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Overdosedødsfall

I 2022 var det 321 overdosedødsfall i Noreg. Av desse var 68 prosent menn. Cirka 40 prosent av overdosedødsfalla skjer i det offentlege rommet – til dømes på samlingsstader for narkomane eller toalett på kjøpesenter.

Symptom på overdose

Ved overdose går pulsen ned og pusten blir svekt, og nokre gonger kan det føre til hjartestans eller pustestans. Negler, fingertuppar og lepper kan bli blå som følgje av utilstrekkeleg tilgang på oksygen i blodet.

Andre symptom på overdose kan vere kvalme, brekningar, magesmerter, krampar og muskelsamantrekkingar.

Førstehjelp

Undersøk pasienten og sjå etter symptom. Ved mistanke om overdose ring 113. Nødsentralen vil rettleie deg vidare. Gi Nalokson nasespray (motgift) dersom du har det.

Ved behov må du starte hjarte- og lungeredning, med 30 brystkompresjonar og 2 innblåsninger. Hald på med hjarte- og lungeredning til ambulansen kjem, eller til personen pustar normalt.

Tenk på eigen tryggleik – nytt hanskar og maske.

Relatert innhald

Tidleg start av hjarte- og lungeredning kan vere med å auke moglegheita ein person har til å overleve, betydeleg, her tel kvart minutt.

Kjelder

Helsenorge, 2023. Forebygging av overdose. HelseNorge.no: Forebygging av overdose

Folkehelseinstituttet, 2023. Narkotikautløste dødsfall 2022. Folkehelseinstituttet: Narkotikautløste dødsfall 2022

Helsedirektoratet, 2023. Nasjonal overdosestrategi. Helsedirektoratet: Nasjonal overdosestrategi 2019–2022

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2022

Læringsressursar

Førstehjelp