Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stans av blødingar

Det er viktig å kunne skilje mellom ei alvorleg bløding og ei ufarleg bløding. Når du har identifisert alvorsgrada, må du vurdere kva tiltak du vil setje i verk.
Sår på olboge blir reingjord med kompress. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Finn ut kva som er forskjellen på ei alvorleg bløding og ei ufarleg bløding.
  2. Beskriv enkle prinsipp for å stoppe ei bløding.
  3. Kvifor er det viktig å gjere raske og riktige tiltak ved ei stor bløding?
  4. Ein ven av deg har falle på sykkel. Han hadde på seg shorts då han fall. Du ser at han har fått store skrubbsår på begge knea. Beskriv korleis du ville behandla såra.
  5. Beskriv kva utstyr som bør vere i eit førstehjelpsskrin.

Gruppeoppgåve

Gå saman to og to eller i gruppe. Demonstrer korleis du utfører ein blødingskontroll på armen til ein medelev

  • når du har bandasje tilgjengeleg
  • når du ikkje har tilgjengelege bandasjar

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2020

Læringsressursar

Førstehjelp