Hopp til innhald

Fagstoff

Emosjonell førstehjelp

Ein akutt skade eller sjukdom kan utløyse sterke emosjonelle reaksjonar av både psykisk og fysisk art for dei som er involverte. Det er viktig at du som skal gi førstehjelp, er kjend med desse reaksjonane og veit at det er heilt normalt. På den måten kan du gi best mogleg hjelp.

Flight-fight-freeze-respons

I svært stressande situasjonar, som ved ulykker og alvorleg sjukdom, er det vanleg for alle involverte å reagere med ulik grad av spontan redsle på den faren som har oppstått. Dette er ein normal reaksjon for at vi skal overvinne situasjonen.

Denne reaksjonen blir kalla ein flight-fight-freeze-respons, og det kan opplevast i ulik grad.

  • Flight – du reagerer med ei angstprega flukt.
  • Fait – du reagerer med å kjempe, reaksjonen kan òg vere prega av sinne.
  • Freeze – du reagerer med å bli fullstendig låst (frose).

Moglege kroppslege reaksjonar hos hjelpar

Det er ikkje unormalt viss du opplever ei form for frykt i møtet med ein skadd eller sjuk person som du må hjelpe. Kroppen din kan òg reagere med ein flight-fight-freeze-reaksjon. Det skuldast at nervesystemet ditt er i alarmberedskap, og du får mykje stresshormon i kroppen. Det vil derfor ikkje vere unaturleg dersom du opplever at følgjande skjer:

  • Du blir veldig redd.
  • Pulsen aukar og du får hjartebank.
  • Du blir svært tørr i munnen.
  • Du føler deg skjelven og svimmel.
  • Du får vanskar med å tenkje klart.
Ung kvinne ringjer etter hjelp ved ei ulykke. Ein person ligg på bakken bak ho, fleire andre hjelper den skadde personen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Emosjonell førstehjelp

  • Forsøk å behalde roa og gjennomfør det du skal gjere, på ein mest mogleg roleg måte.
  • Gå mot personen. Fortel kven du er, og at du er der for å hjelpe.
  • Viss personen ligg eller sit, set deg ned i same høgd.
  • Forsøk å møte blikket til personen.
  • Fortel personen kva du har til hensikt å gjere. Dette skaper tryggleik.
  • Hald fram med å snakke til personen sjølv om vedkomande ikkje er medviten. Dette er spesielt viktig viss noko av det du meiner er naudsynt å gjennomføre, vil medføre auka smerte for personen.
  • Ikkje ver redd for å be andre som er til stades, om hjelp.
  • Vis omsorg og prøv å skape tryggleik. Dette kan du gjere ved å halde personen i handa eller stryke på armen.
  • Lov aldri noko du ikkje veit om du kan halde. Du veit ikkje korleis dette vil gå, så ikkje lov at dette skal gå bra. Du kan seie at du vil vere saman med personen til anna hjelp kjem.

Kjelder

Andersen, J. A. (2004). Folkeskikk og uskikk på jobben. Son: Barkas Forlag

Gulbrandsen, T. & Stubberud, D.-G. (2005). Det psykososiale behovet til pasienten. I Gulbrandsen, T. & Stubberud, D.-G. (Red.), Intensivsykepleie (s. 41–51). Oslo: Akribe

Malt, U. (2020). Flight-fight-respons. I Store norske leksikon. Henta 22. april 2020 frå https://snl.no/flight-fight-respons

Richardsen, J. (2008). Grunnleggende Helsefag. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag

Svartdal, F. & Malt, U. (2019). Stress. I Store norske leksikon. Henta 22. april 2020 frå https://snl.no/stress

CC BY-SASkrive av Ellen Marie Myhre Dahl og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2020

Læringsressursar

Førstehjelp