Hopp til innhald

Fagstoff

Behov

Vi bruker omgrepet behov om noko vi treng. Når vi skal arbeide med menneske, må vi ha eit medvite forhold til kva den enkelte treng for å ha det bra, ha ei god helse og best moglegheit for vekst og utvikling.
Jente med ei funksjonsnedsetjing saman med tre venninner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Behov

Når vi skal beskrive behov i arbeid med menneske, handlar det om kva eit menneske treng for å ha det bra, med god fysisk og psykisk helse og moglegheit for vekst og utvikling heile livet. Ein yrkesutøvar i helse- og oppvekstsektoren skal kunne vareta behova til andre slik at dei kan leve eit godt liv ut frå føresetnadene sine. Då må vi vite nettopp kva vi treng for å leve eit godt liv.

Vi menneske er ulike og har ulike behov. Men for å ha god fysisk og psykisk helse og eit godt liv treng vi alle å få dekt dei grunnleggande behova våre. Desse deler vi i fysiske, psykiske, sosiale, åndelege og eksistensielle behov.

Maslows behovsteori

Abraham Maslows teori om grunnleggande behov gir oss ei forståing for kva som skal til for å ha det bra, slik at vi kan utvikle oss på best moglege måte. Maslow delte behova til mennesket inn i

  • fysiologiske behov

  • tryggleiksbehov

  • sosiale behov

  • behov for anerkjenning

  • behov for sjølvrealisering

Får vi ikkje dekt desse grunnleggande behova, kan det føre til at vi ikkje har det bra og får dårleg helse. Viss vi ikkje får mat, drikke eller søvn, har vi ikkje energi til å gjennomføre dei daglege aktivitetane våre. Vi blir slappe og uopplagt, og i verste fall kan vi bli sjuke. Opplever vi ikkje gode relasjonar med kjærleik, omsorg og fellesskapar som gir oss tryggleik til å utforske, prøve og feile, vil vi ikkje ha det bra med oss sjølve. Kjenner vi oss lite verdifulle og utanfor, vil vi mangle energi, og vi klarer ikkje å vere kreative, glade og aktive i vårt daglege liv. Vi kan dermed få ei dårleg psykisk helse.

Pyramide delt inn i fem felt. På det nedste feltet står det Fysiologiske behov: sult, tørste, søvn og så vidare. Over dette feltet står det Tryggleiksbehov: sikkerheit, vern. På det midtste feltet står det Sosiale behov: tilhøyrsel, kjærleik. På det nest øvste feltet står det Aksept: sjølvrespekt, status. På det øvste feltet står det Sjølvrealisering: personleg, åndeleg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Behovspyramiden

Maslows behovsteori er ofte framstilt i form av ein pyramide, sjølv om vi ikkje skal sjå behova separate eller hierarkiske. Det er ikkje slik at du må ha dekt behova på eit trinn før du kan gå til neste trinn, for til slutt å komme til toppen. Alle behova er viktige for menneskets moglegheit for god helse, trivsel, vekst og utvikling.

Nokre gonger har vi behov for meir eller mindre av noko. Vi treng ikkje å vere mette for å gjennomføre ei oppgåve. Det er sjølvsagt lettare å tenke når du er mett og har fått nok søvn, men det er ingen føresetnad for å kunne gjennomføre noko. Vi kan sakne fysisk tryggleik, men likevel blir drivne framover med det vi liker å gjere.

Scott Kaufmans seglbåtmetafor

Scott Barry Kaufman bygger på Maslows teori, men han bruker biletet av ein seglbåt, som består av skrog og segl, som metafor for menneskets behov.

Havet er eit symbol på miljøet vi lever i. Det er stadig i forandring og inneheld både stormar og godvêrsdagar. Seglbåtane på havet er alle menneska. Seglbåtane liker å vere i rørsle, akkurat som vi menneske treng rørsle for å oppnå vekst og utvikling.

Ein sehlbåt der tryggleik, tilhøyrsel og sjølvkjensle er skroget som ligg i vannet, og utforsking, kjærleik og meining er seglet. Skroget gir sikkerheit, og seglet gir vekst. Over båten står ordet transcendens. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skroget – tryggleik, tilhøyrsel og sjølvkjensle

Eit godt skrog er ein føresetnad for å kunne legge ut på seglas. Dei menneskelege behova som utgjer skroget, er behov for tryggleik, tilhøyrsel og god sjølvkjensle. Manglar på desse behova gjer at vi vil bruke all energien vår på å få dekt dei, på same måte som vi i ein seglbåt vil ha fokus på å halde skroget tett og stabilt.

  • Vi har behov for å oppleve tryggleik. Viss vi blir utsette for stress over lengre tid, risikerer vi å få problem både med å lære og med helsa vår.

  • Behovet for tilhøyrsel og å vere akseptert av ei gruppe og ha nære relasjonar er eit grunnlag for at vi skal ha det bra.

  • Eit anna behov er behovet for god sjølvkjensle. Det er ikkje ei sjølvkjensle som sjølvinteresse, men ei sunn stoltheit. Det handlar om å ha evna til å nyte og vere stolt over det du kan og har oppnådd, og samtidig ta omsyn til andre.

Når desse behova er dekte, ligg båten trygt og sikkert i vatnet. Han er no klar for å legge ut på seglas i ukjende, stormfylte farvatn. På same måte vil menneske som opplever at desse behova er tilfredsstilte, vere trygge nok til å legge i veg ut i ei uføreseieleg verd, med moglegheiter for nye oppdagingar og å skape meining.

Seglet – utforsking, kjærleik og meining

I seglet blir behova for utforsking, kjærleik og meining plasserte. Det er behova som må dekkast for at vi skal utvikle oss, ha det bra og trivast, og ha energi til å vere eit menneske og leve.

  • Vi menneske har behov for å utforske. Vi er nysgjerrige og prøver å forstå ulike samanhengar som gir oss nye erfaringar og intellektuelle utfordringar. Dette bidreg til vekst og utvikling.

  • Behovet for kjærleik er litt annleis enn behovet for tilknyting som er ein del av tryggleik. Vi har behov for empati og usjølvisk kjærleik som bidreg til utvikling av eit positivt sjølvbilete, slik at vi anerkjenner oss sjølve som gode nok. Vi menneske har behov for å kjenne oss elska og for å elske.

  • Vi menneske treng ei meining med tilværet. Vi har behov for å ha noko å leve for, noko å rette oss mot som gir livet meining.

Transcendens

Når vi opplever at behova er tilfredsstilte og speler saman med kvarandre, kan det leie til det som i denne modellen blir kalla transcendens. Dette er ein tilstand der vi ikkje lenger er opptekne av behova, men seglar av garde og bevegar oss framover. Vi opplever å vere i harmoni med oss sjølve og omverda. Vi gløymer tid og stad og er i flytsona, der vi er oppslukte av det vi held på med her og no.

Vi får høve til å utnytte våre eigne ressursar, noko som gir ei positiv oppleving av vekst for den enkelte.

Behova heng saman

Dei grunnleggande behova for tryggleik skaper grunnlaget for vekst og utvikling. På den måten kan vi seie at behova heng saman. Vi treng tryggleik, tilhøyrsel og ei god sjølvkjensle for å utnytte våre eigne ressursar slik læring og utvikling blir mogleg.

Når du skal jobbe med menneske i helse- og oppvekstsektoren, er det derfor viktig at du ser desse behova i samanheng og har forståing for at alle behova er like viktige for eit menneske. Du må tilpasse omsorga, kommunikasjonen og den hjelpa du gir, til behova til mennesket du møter. Kjærleik og omsorg frå trygge, føreseielege omsorgspersonar er avgjerande for personleg utvikling og god helse. Alle treng ein trygg base der dei blir møtte med kjærleik same kva som skjer i livet.

Utfordringar til deg

  1. Kva er samanhengen mellom dei grunnleggande behova og god helse?

  2. Kvifor er det nødvendig at vi ser behova til eit menneske i samanheng?

  3. Kva for ein av modellane synest du passar best til å forklare menneskets behov, pyramiden eller seglbåten?

Kjelder

Kaufman, S. B. (u.å.). Sailboat Metaphor. Henta 15. oktober 2022 frå https://scottbarrykaufman.com/sailboat-metaphor/

Lagerström, A. (2021, 17. juni). Få en fornyad syn på våre grundbehov. Forskning & Framsteg, 6. 58–61. https://www.pressreader.com/sweden/forskning-framsteg/20210617/page/3

Relatert innhald

Det blir lagt vekt på at fagarbeidarar innan helse- og oppveksttenestene skal jobbe ut frå eit heilskapleg menneskesyn.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2022

Læringsressursar

Grunnleggande behov