Hopp til innhald

Fagstoff

Kjøt og kjøtprodukt

Kjøt er ein del av det daglege kosthaldet til dei fleste nordmenn.
Ulike typar kjøt og kjøtprodukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Maten i denne matvaregruppa inneheld

  • protein
  • feitt
  • energi
  • minerala sink, selen og jern
  • vitamin, spesielt A og B

Reint kjøt inneheld mykje protein, men det kan også innehalde ein del metta feitt. Kvitt kjøt inneheld vanlegvis minst feitt, og ein større del av feittet er umetta. Farseprodukt, som pølser og kjøtdeig, inneheld ein god del metta feitt, så vi bør velje dei magraste kjøtprodukta eller reint, magert kjøt. Når vi vel kjøttmat, bør vi generelt ete dei lysare kjøtvarene og gjerne dei som har feittlaget samla og godt synleg, slik at vi kan skjere det bort.

Det kjøtet som blir selt, skal vere slakta på godkjende slakteri og kontrollert. Kjøt og kjøtprodukt er ferskvarer og må oppbevarast kjølig. Kjøt kan brukast som både middagsmat og pålegg og kan tillagast på ei rekkje ulike måtar.

Utfordringar til deg

  1. Gjer deg kjent med Helsedirektoratet sine kostråd om kjøt og kjøtprodukt. Ta notat frå det du les.
  2. Kva er fordelane med å ete kvitt kjøt framfor raudt kjøt?
  3. Set opp ein vekemeny med sunne middagar.
  4. Lag eit oversyn over sunne påleggsvariantar av kjøt.
  5. Lag eit oversyn over kjøttypar vi ikkje bør ete så ofte.
  6. Finn ut kva kolesterol er.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Agnes Brønstad, Guri Bente Hårberg og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2020

Læringsressursar

Matvaregruppene