Poteter, pasta og ris er ein del av det daglege kosthaldet for dei fleste nordmenn. Desse matvarene inneheld mykje karbohydrat og lite feitt. Dei gir oss mineral, og i poteter er det i tillegg ein del C-vitamin.
Du kan lage mykje godt av poteter, men hugs at poteta ikkje er ei av "fem om dagen"!
Kok potetene med skalet på og bruk fullkornspasta og upolert ris. I tallerkenmodellen utgjer desse matvarene ein tredel.
Poteter
- kan vere produserte i Noreg eller vere importerte
- kan vere økologiske eller ikkje
- kan ha ulikt næringsinnhald avhengig av årstid, lagring og tillaging
- har ei særstilling i det norske kosthaldet
- kan etast som eigen rett, men blir som oftast brukt attåt kjøt eller fisk
Pasta
- er ofte laga av kveitemjøl eller durumkveite
- blir også laga av fullkornsmjøl
- er ein vanleg del av det norske kosthaldet
- er ein typisk del av kosthaldet i middelhavslanda
Ris
Ris finst i mange variantar, som
- polert ris
- naturris
- villris
- ulike typar uraffinert ris
Utfordringar til deg
- Kvifor bør poteter, pasta og ris vere ein del av den daglege kosten vår?
- Bruk Matvaretabellen for å finne ut korleis næringsinnhaldet i poteter varierer etter korleis dei blir laga til. Kva kan du lære av dette?
- Finn oppskrift på ein potetrett som du prøver ut på kjøkkenet heime eller på skulen.
- Kva typar ris og pasta bør du velje? Grunngi valet.
Relatert innhald
Nettside hos helsenorge.no
Nettside hos helsedirektoratet.no
CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Agnes Brønstad.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2020