Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag eit måltid

Å lage mat til andre krev at du som fagarbeidar har kompetanse om kosthald og ernæring. Du skal kunne lage enkle måltid som er tilpassa behovet til enkeltbrukarar, og som er i tråd med kostråda frå helsestyresmaktene.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Bruk kostholdsplanleggeren som kjelde gjennom alle oppgåvene.

  1. Set opp forslag til eit måltid tilpassa ei konkret aldersgruppe eller brukargruppe. Du kan sjølv velje om det er frukost, lunsj, middag eller kveldsmat du vil lage.
  2. Vurder energi- og næringsinnhaldet i måltidet.

    1. Kor stor del av energiinnhaldet i dette måltidet kjem frå kvar av dei energigivande næringsstoffa?
    2. Kva for ikkje-energigivande næringsstoff inneheld måltidet, og i kva matvarer finn vi dei?
    3. Korleis vil du vurdere energi- og næringsinnhaldet i måltidet ut frå kostråda frå Helsedirektoratet?
  3. Kva matvarer vil du tilrå at personen får i seg resten av dagen? Grunngi svaret ditt.
  4. Lag måltidet heime eller på skulen. Hugs å vareta hygiene etter gjeldande retningslinjer.
  5. Dokumenter arbeidet ditt med eit bilet- eller filmpresentasjon.



Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan og Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2020

Læringsressursar

Mat som grunnleggjande behov