Hopp til innhald

Fagstoff

Samansetjing og måltidsrytme

I løpet av ein dag et vi fleire små og større måltid. Dei er sette saman av mange ulike matvarer, og kva for matvarer vi vel og korleis vi vel å lage dei til, har mye å seie for om vi har eit sunt kosthald eller ikkje.
Ungt par ved frokostbord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter kvart som vi veks til, avgjer vi sjølve i stor grad kva måltida skal vere sette saman av. Dette kan variere mye og er også styrt av familien sine kostvanar, utdanning, økonomi og interesse for matlaging. Viss ein er i jobb eller er skoleelev, vil dagens gjeremål stort sett vere fastsette, og måltida får ein fast rytme.Vi treng jamleg påfyll av energi og næringsstoff for å klare dagens utfordringar.

Du har sikkert opplevd kor slapp og ukonsentrert ein kan bli når blodsukkeret vert for lågt fordi det har gått for mange timar sidan du åt! Cellene i kroppen, og framfor alt hjernecellene, er avhengige av energi i form av glukose for å kunne fungere. For at blodsukkeret skal halde seg jamt og heller ikkje bli for lågt, bør det ikkje gå meir enn 3-4 timar mellom kvart måltid.

Måltida sin sosiale verdi

Men maten har ikkje berre ei slik fysiologisk oppgåve. Når vi lagar til fest eller skal kose oss i andre samanhengar, er stort sett alltid mat og drikke ein svært viktig del av dette.

Fire venner et mat på restaurant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samansetjinga av måltida

"Kva du et mellom nyttår og jul, er viktigare enn det du et mellom jul og nyttår!". Denne utsegna seier noko om at det er det vi gjer i kvardagen, som avgjer om vi kan kalle kosthaldet vårt sunt eller usunt. Det skal ikkje vere vanskeleg å ete riktig, og dei fleste har nok ei meining om kva dette inneber. I ulike medium får vi stadig kostråd frå meir eller mindre seriøse aktørar, og ein skal ha noko kunnskap innanfor området for ikkje å ta alt for god fisk!

Som fagarbeidar innanfor helse- og oppvekstfag krev ein altså meir av deg enn synsing på dette området. Du må ha kunnskapar om kostsamansetjinga slik at du kan lage ernæringsmessig riktig mat og gi kvalifiserte råd til andre om temaet. I dag veit vi mye om korleis vi kan førebyggje fleire livsstilssjukdommar ved å ha eit sunt kosthald, og da bør vi handle deretter.

Helsedirektoratet gir nokre tilrådingar for kosthaldet som, viss ein følgjer dei, sikrar kroppen sine behov for viktige næringsstoff, og ein får dermed ein viktig helsevinst.

Måltidsrytme

Er du merksam på din eigen måltidsrytme? Kor ofte og kva for type mat et du i løpet av ein dag?

Hjernen treng mykje energi, og går det for lang tid mellom måltida, vil vi føle oss slappe og ukonsentrerte. For å halde blodsukkeret jamt og dermed unngå dette, blir vi rådde til å ete kvar tredje/fjerde time for å gi kroppen drivstoff. Ein vanleg rytme er derfor dei tre til fire hovudmåltida frukost, lunsj, middag og kveldsmat. I tillegg vil det vere behov for eitt til to mindre mellommåltid.

CC BY-NC-SASkrive av Sylvi Skjelstad.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2020

Læringsressursar

Mat som grunnleggjande behov