Hopp til innhald

Fagstoff

Kva kosten har å seie for helsa

Det går ikkje ein dag utan at media gjer oss merksame på problemstillingar innanfor kosthald og ernæring. Resultat frå undersøkingar blir slegne stort opp utan at dei blir sette i samanheng med annan kunnskap innanfor fagfeltet.

Det er lett å bli forvirra i den jungelen av kostråd vi blir bombarderte med, særleg når råda har ein tendens til å sprikje i alle retningar. Kva skal vi tru på? Kven kan vi stole på?

Grunnlag

I vår del av verda har vi gjennom fleire tiår forska mykje på samanhengen mellom maten vi et, og folk si helse. Dette gir oss vitskapleg dokumentasjon, og det vil seie at resultata er til å stole på. Både norske og utanlandske ekspertar vurderer dessutan jamleg denne dokumentasjonen, saman med grunnlaget for kosttilrådingane. Verdens helseorganisasjon (WHO) er sentral i dette arbeidet. I Noreg er det Helsedirektoratet som i samarbeid med WHO gir råd om helse og fysisk aktivitet.

Kva kosten har å seie for helsa

I Noreg har folk stort sett god helse. Helsetenestene har tilgang til mange ressursar og er kanskje av dei beste i verda. Likevel er det problem som er store og krevjande innanfor folkehelsa, og vi skal sjå at mange av utfordringane er knytte til kosthaldet. Ved å ete sunn mat har vi større sjanse til å halde oss friske. Med sunn mat meiner vi mat som har høgt innhald av mellom anna vitamin og mineral, og som vi veit har ein positiv effekt på helsa vår.

Sunne matvarer lagde utover eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Livsstil og sjukdom

Du kjenner frå tidlegare sikkert til nokre av dei vanlegaste livsstilssjukdommane:

  • fedme
  • type 2-diabetes
  • hjarte- og karsjukdommar
  • kreft
  • beinskjørleik

Omgrepet livsstilssjukdom viser til at måten vi lever på, har noko å seie for utvikling av sjukdommane. Det handlar til dømes om

  • bruk av tobakk og alkohol
  • grad av fysisk aktivitet
  • kosthald

Kosthaldet vi vel å ha, har meir eller mindre å seie for utviklinga av alle livsstilssjukdommane. Kunnskapen om dette gir grunnlaget for å utforme kosthaldsråd til befolkninga. Hjarte- og karsjukdommar er årsaka til om lag 40 % av alle dødsfalla i Noreg. Fleire og fleire blir ramma av type 2-diabetes, og ein stadig større del av befolkninga er blitt overvektig. Lidingane for dei som blir ramma, er vesentlege, og vi skal heller ikkje gløyme at det kostar samfunnet store summar å behandle sjukdommane. Dette fortel oss at det på alle plan er naudsynt og riktig å tenkje førebygging.

Utfordringar til deg

  1. Korleis vil du beskrive kosthaldet til personane som er med i filmen, Jeanette og Jan Åge?
  2. Forklar kva "5-om dagen" vil seie.
  3. Kva tilrådingar om kosthaldsendringar ville du gitt til Jeanette og Jan Åge? Bruk kostråda frå Helsedirektoratet i lenkja under som kjelde.
  4. Kva kjelder kan vi stole på når det gjeld kostråd, og kva for nokre kan vi ikkje stole på? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Sylvi Skjelstad og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2020

Læringsressursar

Mat som grunnleggjande behov