Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis påverkar musikk hjernen?

Har du merka at ulike typar musikk kan påverke humøret ditt på ulike måtar? Musikk påverkar hjernen, og dette kan vi bruke aktivt i arbeidet med både barn, unge og eldre.

Musikk påverkar hjernen vår

  1. Kva musikk vel du å høyre på når du skal

    • trene med høg intensitet

    • slappe av på bussen

    • gjere husarbeid, klippe plen eller måke snø

    • vere på fest med venner

  2. Diskuter med ein eller fleire medelevar: Korleis kan musikk påverke stemninga og humøret ditt når du er

    • glad

    • forelska

    • sint

    • trist

    • stressa

    • sliten

Aktiv bruk av musikk i arbeidet

Jobb saman med ein eller fleire medelevar, og vel dykk ein tenestestad innan helse- og oppvekstsektoren.

  1. Lag ein plan for bruk av musikk i arbeidet dykkar på denne staden. Planen bør innehalde informasjon om

    • tenestestad og brukarar

    • grunngiving og mål for bruk av musikk

    • konkret plan for kva de vil gjere

    • noko som utstyr og tilrettelegging de treng

  2. Ta kontakt med ein tenestestad og be om å få komme dit og gjennomføre planen dykkar dersom det er mogleg, eller gjennomfør planen i ein annan klasse på skulen.

  3. Evaluer gjennomføringa og reflekter saman i gruppa og i klassen over kva som gjekk bra, og om det er noko som burde endrast dersom opplegget skal gjennomførast igjen.

Relatert innhald

Behov er noko vi treng. Vi må ha eit medvite forhold til kva den enkelte treng for å ha det bra, ha ei god helse og moglegheit for vekst og utvikling.

Å reflektere inneber å tenkje grundig gjennom episodar eller opplevingar du erfarer. Når vi reflekterer, vender vi tankane tilbake på noko.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2023

Læringsressursar

Aktivitet