Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Aktivitet – ein ting og ein song

Erindring med gamle ting og songar. I arbeid med menneske kan musikk, gjenstandar og aktivitetar frå tidlegare tider gi både gode minne og god underhaldning.
Eldre dame luktar på blomster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

De treng:

  • kaffi og vaflar
  • ein gammal gjenstand
  • eitt eller fleire bilete som viser gjenstanden
  • ein song knytt til gjenstanden

Forslag til gjenstandar:

  • tursekk
  • kaffikvern
  • sopelime
  • lommeur
  • ein gammal medalje
  • andre gjenstandar som brukaren du jobbar med, hugsar frå tidlegare år

Kor ofte:

Kvar veke

Kor lenge:

45 minutt

Korleis:

Frivillige, pårørande og tilsette førebur arrangementet, med motivering, assistanse, kaffi og vaflar. Du har på førehand funne fram ein gammal gjenstand og kopiert bilete av gjenstanden og songar knytt til han.

  • Start med å helse velkommen ved å gi alle som er der, eit handtrykk – og sjølvsagt ein klem til dei du kjenner godt!
  • Server kaffien.
  • Del ut songark og eventuelle bilete av gjenstanden. Syng eit par songar som i teksten viser til gjenstanden du framleis held skjult.
  • Vis fram den gamle gjenstanden. Send han rundt. Be deltakarane fortelje eller gjette kva gjenstanden er nytta til. Bruk god tid til å prate om minne og assosiasjonar.

Viss gjenstanden er ein gammal tursekk, kan praten ta dei merkelegaste vegar. Jakt, turar i marka, heimbygda, bærturen. Avslutt med ein song eller to. La gjerne deltakarane kome med forslag.

Dette forslaget til aktivitet er henta frå boka Impulser – Håndbok i kulturarbeid på eldreinstitusjonar (kirkensbymisjon.no). Boka er utgitt av Kirkens Bymisjon i Oslo gjennom prosjektet «Leve – ikke bare overleve». Forslaget til aktivitet er gitt att i NDLA med løyve frå Kirkens Bymisjon. I boka finst òg mange andre varierte forslag til aktivitetar.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Kirkens Bymisjon.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2020

Læringsressursar

Aktivitet