Hopp til innhald

Verktøy og mal

Sertifiseringshefte

Hensikta med dette heftet er å gjere HMS-arbeidet mindre generelt og meir knytt til dei faktiske og praktiske oppgåvene, maskinane og verktøya som elevane skal bruke.
Heftet er meint som ein ressurs for lærarar.
Forsida på sertifiseringshefte i teknikk og industriell produksjon. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heftet inneheld forslag til rutinar for klassen når dei er i verkstaden. Rutinane kan du endre og tilpasse til klassen, verkstaden og skulen din. Heftet inneheld enkle rubrikkar for opplæring på kvar enkelt maskin. Det er ikkje meint å erstatte eit innarbeidd HMS-system, men heller å gi elevane ei trygg ramme for å møte TIP-verkstaden.

Heftet er meint brukt i utskriven form inne på verkstaden og kan lastast ned her.

Filer

CC BY-SASkrive av Bjørn Dølving. Rettshavar: Bjørn Dølving
Sist fagleg oppdatert 11.09.2019

Læringsressursar

Kvalitetsarbeid