Hopp til innhald

Fagstoff

Standardisering

Standardar finst innanfor svært mange område og blir brukte i mange ulike situasjonar i eit moderne samfunn. Dei omgir oss i kvardagen utan at vi tenkjer over det, eller utan at vi treng å tenkje over det. Men kva er eigentleg ein standard, og korleis blir ein standard til?
Person som skriv på ein pc. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein standard?

En standard

  • beskriv viktige sider av varer, tenester og/eller arbeidsprosessar (dette inkluderer òg prøvingsmetodar).
  • er eit forslag til val av alternativ, men utelukkar ikkje andre løysingar.
  • blir utarbeidd etter initiativ frå interessegrupper som ønskjer seg felles spelereglar i marknaden.
  • kan fremje nasjonal konkurransedugleik og bidra til utvikling av føremålstenlege og sikre produkt og produksjonsprosessar.
  • er frivillig å bruke, unnateke når styresmaktene krev at dei skal brukast, eller når det i avtalar er bestemt at dei skal brukast.

Kva blir standardar brukt til?

En standard blir brukt

  • for å gi felles retningslinjer for kva for krav som skal setjast til varer og tenester.
  • som spesifikasjon ved kjøp og sal for å forenkle, effektivisere og rasjonalisere kjøpsprosessen.
  • ved at dei gir reglar for korleis prøving, sertifisering og akkreditering skal gjerast.
  • for å gi meir detaljerte beskrivingar der EU-direktiv, nasjonale lovar og reglar gir overordna krav.
  • i samband med tekniske spesifikasjonar i offentlege anbod.

Nokre standardar er generelle og gjeld over heile verda. Mest kjende er ISO-standardane som finst til dømes for metriske gjenge og maskineringspassingar.

Nokre standardar gjeld berre i Europa, og desse heiter EN xxxxx. Enkelte standardar gjeld berre i eitt land, til dømes NS xxxx i Noreg. Ein standard som gjeld i Noreg, kan heite NS-EN-ISO xxxc.

Det finst tusenvis av standardar i Noreg, og det er ikkje enkelt å finne fram. Standard Norge utviklar og sel desse standardane.

Døme på norske standardar:

  • NS-ISO 128-24:2002 Generelle teiknereglar – linjer for mekanisk teikning
  • NS 1420:1987 Geometriske toleransar
  • NS-EN ISO 6410-1:1996 Gjenge og gjenga delar – Generell del
  • NS-ISO 2553:1992 Sveiste og lodda samband – Symbol for oppføring på teikningar
  • NS-ISO 10005:2005 System for kvalitetsstyring – Retningslinjer for kvalitetsplanar
CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2018

Læringsressursar

Kvalitetsarbeid