Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rollespel, profesjonell servicemedarbeidar

Det første du ser og høyrer, seier ikkje alt om kundane! Det er lett å døme folk etter førsteinntrykket. Som profesjonell servicemedarbeidar må du sjå under overflata, og du må skaffe deg innsikt i kva kundane forventar og ønskjer. Er du klar for eit rollespel?
Elevar snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rollespel

Del klassen i grupper som tek for seg kvar av dei tre situasjonane som er beskrivne nedanfor.

Situasjon 1

Inn i resepsjonen kjem fire unge menneske. Dei er kledde i jeans og boblejakker. Dei kom med bussen og ser ut som ryggsekkturistar.

Situasjon 2

Inn i resepsjonen kjem to menn i 30-åra. Den eine mannen er kledd i mørk dress og ber ei skinnmappe. Den andre mannen har dongeribukse og langt hår.

Situasjon 3

Inn i resepsjonen kjem ei dame og ein mann på cirka 50 år. Dei er profesjonelt kledde, og du veit at bedrifta ventar på ein viktig kunde, men du veit ikkje om kunden er ein mann eller ei dame.

La kvar elev førebu rolla si og gjennomføre korte rollespel.

Etter rollespelet

Skodespelarane fortel om korleis dei opplevde situasjonen, og om kva forventningar dei hadde som høvesvis servicemedarbeidar og kunde. Dei andre elevane kommenterer rollespelet.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2021

Læringsressursar

Behov og ønske