Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Klima og årstider i Kina – studiespørsmål

Klima og årstider i Kina. Fotokollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Klima og årstider i Kina. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel. Sørg for å ha tilgang til eit kart over Kina. Diskuter i klassen.

  1. Isskulpturfestivalen i byen Harbin i Hēilóngjiāng 黑龙江-provinsen er den største i verda. Han blir arrangert frå slutten av desember til eit stykke ut i februar kvart år. Korleis kan dei ta sjansen på at det kalde vêret held seg over ein så lang periode?
  2. Det blir hevda at 96 % av vatnet fra Chángjiāng 长江 – Den lange floden – endar opp i havet. Likevel har det komme sterke innvendingar mot megaprosjektet med å omdirigere vatn frå Changjiang nordover. Kvifor?
  3. Nokon har hevda seriøst at det er så mykje negativt ved klimaet i Beijing frå naturen si side at ein burde anleggje ein ny hovudstad på ein plass med mykje betre klima. Ut frå det du veit om geografien og klimaet i Kina, kvar vil du føreslå at ein ny hovudstad skulle kunne anleggjast?

Relatert innhald

Når det gjeld klima, er Kina prisgitt to store klimasystem: høgtrykket over Sibir om sommaren og monsunvindar om vinteren.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 11: Vêr og årstider