Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Geografien i Kina – studiespørsmål

En bolle med tofu og soyabønner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Geografien i Kina. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel til å finne svar på spørsmåla. Diskuter i klassen.

  1. Mange kinesarar har det som heiter laktoseintoleranse, som inneber at dei har problem med å fordøye mjølkeprodukt. Kvifor det, trur du?
  2. I Nord-Kina et ein mántou 馒头 – dampkokte bollar – mykje ved forskjellige høve. Dei er ikkje laga av ris. Kva er dei laga av?
  3. I Vesten har soyabønnepudding blitt populært under namnet tofu. Men det er ikkje kinesisk. Kvar kjem namnet tofu frå, og kva heiter soyabønnepudding på kinesisk?

Relatert innhald

Kina dekkjer ein stor del av det austlege euroasiatiske kontinentet. Her er ei innføring i geografien i Kina.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 11: Vêr og årstider