Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk i leksjon 11

Kinesiske skrifttegn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. 不怎么样 bù zěnmeyàng


Tidlegare har vi lært at uttrykket 怎么样 zěnmeyàng blir brukt til å spørje om korleis nokon eller noko er. Kanskje litt lite intuitivt, men vi kan òg nekte sjølve uttrykket 怎么样 zěnmeyàng for å uttrykkje noko litt anna, nemleg at noko «ikkje er noko særleg». 不怎么样 bù zěnmeyàng kan sjåast på som eit fast uttrykk, som òg kan brukast når 怎么样 zěnmeyàng ikkje står i eit spørsmål rett før i konteksten. 不怎么样 tyder «ikkje særleg (bra)».

2. 看看 kànkan


På kinesisk kan handlingsverb gjentakast, det vil seie komme to gonger etter kvarandre. Dersom verbet har to stavingar, som verbet 认识 rènshi, blir det gjenteke etter dette mønsteret: ABAB; 认识认识 rènshi renshi. Gjentaking har fleire funksjonar på kinesisk, avhengig av ordklassen til ordet som blir gjenteke. Med handlingsverb, som kàn og 认识 rènshi, går tydinga over frå «å gjere verbet» til «å gjere verbet litt». Gjentaking av handlingsverb har altså som funksjon å uttrykkje at verbet blir gjort i liten grad eller berre for ei kort stund.

看书 kànshū – «å lese bok»



看看书 kànkan shū – «å lese litt i ei bok»

3. Subjekt – predikat

Det er viktig å vere klar over at subjektet i ei setning ikkje nødvendigvis alltid er den som utfører ei handling, men like gjerne kan vere den/det som setninga handlar om. Predikatet er den delen som seier noko om eller beskriv subjektet. I setninga 天气预报怎么说? Tiānqì yùbào zěnme shuō? – «Kva seier vêrmeldinga?» – er jo ikkje vêrmeldinga ein person, men likevel den/det som «seier noko». I denne setninga inneheld predikatet eit spørjeord, 怎么 zěnme, slik at fokuset er på kva subjektet seier, noko vi får svar på i den påfølgjande setninga:

天气预报
Tiānqì yùbào

怎么说?
zěnme shuō?

«Vêrmelding

seier kva?»

预报说
Yùbào shuō

白天一直下雨。
báitiān yìzhí xiàyǔ.

«Vêrmelding – seier

dagtid – heile tida – regnar.»

怎么 zěnme er spesielt som spørjeord fordi det fungerer adverbialt, det vil seie at det står framfor verbet og spør om utføringa av verbet, og ikkje etter verbet (der det som regel spør om objektet av verbet). Eksempel:

怎么去? Zěnme qù? – «Korleis reiser ein (til ein plass)?»



怎么做? Zěnme zuò? – «Korleis gjer ein (noko)?»

4. Adverbet hái


晚上还要下雨吗? – Skal det framleis regne i kveld?
Wǎnshang hái yào xiàyǔ ma?

Ordet hái er eit adverb og blir derfor plassert framfor verbet, men har som nemnt fleire tydingar på kinesisk. I denne samanhengen tyder det «framleis; enno; meir». Sjå punkt 3 under grammatikkforklaringane til førre leksjon.

5. Modalpartikkelen ba


Partikkelen ba har òg fleire tydingar. Dei tre viktigaste er som følgjer:

I. Mildt forslag/oppmoding
我们吃中国菜吧!
Wǒmen chī Zhōngguó cài ba!
«Lat oss ete kinamat!»

II. Gjetting:
你是他弟弟吧?
Nǐ shì tā dìdi ba?
«Er ikkje du veslebroren hans?» /
«Du er veslebroren hans, ikkje sant?»

Samanlikn:
你是他弟弟吗?
Nǐ shì tā dìdi ma?
«Er du veslebroren hans?»

III. Motvillig aksept:
你想吃中国菜吗?
Nǐ xiǎng chī Zhōngguó cài ma?
«Vil du ete kinamat?»

好吧… Hǎo ba... – «OK, då ...»

6. 有可能 yǒu kěneng

Dette uttrykket analyserer vi slik:


yǒu

可能
kěneng

= 有可能
= yǒu kěnéng

finst

moglegheit

= «kanskje»

Omsetjinga av heile setninga i dialogen blir då slik:
有可能会经常下雨。
Yǒu kěnéng huì jīngcháng xiàyǔ.
«Kanskje vil det komme til å regne ofte.»

7. 之前 zhīqián

出门之前要看天气预报。
Chūmén zhīqián yào kàn tiānqì yùbào.
«Vi må sjå på vêrmeldinga før vi går ut.»

之前 zhīqián og 之后 zhīhòu er variantar av 以前 yǐqián og 以后 yǐhòu og blir brukt på same måte.

8. 这么 zhème

我也这么觉得。 – «Det tykkjer eg òg.»
Wǒ yě zhème juéde.

这么 zhème og 那么 nàme er to adverbiale uttrykk som seier noko om måten verbet blir utført på; nemleg på denne måten eller på den måten, avleidd frå zhè og nà, som vi kjenner frå tidlegare. Samanlikn:

你怎么想? Nǐ zěnme xiǎng? – «Korleis tenkjer du?»



我这么想。 Wǒ zhème xiǎng. – «Eg tenkjer slik, (at ...)»

Alternativt kan 这样 zhèyàng og 那样 nàyàng brukast, utan at tydinga blir endra. Samanlikn med punkt 4 under Forklaringar til vokabular i førre leksjon.

9. Adverbet yòu


又下雨了! Yòu xiàyǔ le! – «Det har begynt å regne att!»

yòu betyr «att» eller «igjen» og er eit adverb. Det står alltid framfor verbet og indikerer at verbhandlinga igjen har skjedd / blitt gjennomført. I dette tilfellet er verbet xià – «å falle» – (avleidd frå tydinga «ned»; «nede»), og objektet er yǔ – «regn». Samanlikn:

下雨 xiàyǔ – «falle regn»; «det regnar»



又下雨 yòu xiàyǔ – «igjen falle regn»; «det regnar att»

Både zài og yòu tyder «igjen» eller «att» på kinesisk. Forskjellen mellom dei er at zài blir brukt om ei gjentaking som kan skje, men som ikkje har skjedd enno (altså ei potensiell framtidig gjentaking), mens yòu blir brukt om gjentakingar som allereie har skjedd. Dersom noko allereie har skjedd igjen, bruker vi yòu. Dersom noko kan eller skal skje igjen, bruker vi zài.

10. kuài


我们快去买把伞! Wǒmen kuài qù mǎi bǎ sǎn!

kuài – «raskt» – kan stå framfor verb og fungere adverbialt, med tydinga «raskt» eller «snart». Setninga over tyder «Lat oss kjappe oss og kjøpe ein paraply!». Andre eksempel:

我们快走吧!
Wǒmen kuài zǒu ba!

Lat oss kjappe oss av garde!

快吃!
Kuài chī!

Skund deg å ete!

11. 买把伞。 Mǎi bǎ sǎn.


Denne setninga er strukturelt den same som for eksempel 看一本书。 Kàn yì běn shū. Samanlikn:

kàn
verb

一本 yì běn shū
objekt

mǎi
verb

...把
sǎn
objekt

I verb-objekt-konstruksjonar med eit kvantifisert objekt (ei bok, ein paraply, osv.) er det ikkje uvanleg i munnleg kinesisk at talet 1 blir utelate. Dette har ingenting å seie for tydinga, men er ei slags rytmisk forenkling av utsegnet.

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 11: Vêr og årstider