Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tenestetilbod og yrkesutøving

Velferdsstaten skal sikre alle innbyggarar i Noreg lik tilgang på helse- og oppveksttenester. Korleis kan endringar i samfunnet og organiseringa av tenestene påverke yrkesvalet og yrkesutøvinga di?
Ei kvinne får ansiktsbehandling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Eige yrkesval

Vel deg eit yrke innan helse- og oppvekstfag som du kan tenke deg å utdanne deg til.

  1. Kva er årsaka/årsakene til at du ønsker å jobbe innan dette yrket?

  2. Søk på internett og finn ulike arbeidsstader for fagarbeidarar innan dette yrket i

    1. offentleg sektor

    2. privat sektor

  3. Gå inn på nettsida til Nav og søk etter ledige stillingar for dette yrket i nærområdet ditt eller ein stad du kunne tenke deg å flytte til.

    1. Kor mange ledige stillingar er det?

    2. Korleis er fordelinga mellom heiltids- og deltidsstillingar?

    3. Kor mange av stillingane er innan offentlege tenester, og kor mange er innan private tenester?

    4. Korleis er lønn og arbeidstidsordningar når du samanliknar dei offentlege og dei private stillingane?

Del 2. Gruppeoppgåver

I Noreg har staten ansvaret for at heile befolkninga har lik tilgang til helse- og oppveksttenester uavhengig av privatøkonomi og kvar i landet ein bur. Likevel kan tenestetilbodet variere mykje mellom ulike bydelar, kommunar og landsdelar.

  1. Kor lang er avstanden frå der de bur, til næraste

    1. legevakt

    2. sjukehus

    3. grunnskule

    4. vidaregåande skule

  2. Korleis kan geografisk avstand og reisetid påverke helse- og oppveksttenester?

  3. Korleis kan tilgangen på fagpersonar påverke tenestetilbodet?

  4. Korleis kan opplæringstilbodet på næraste vidaregåande skule påverke utdanningsvalet ditt?

Del 3. Refleksjon i klassen

  1. Finn døme på endringar i samfunnet som kan påverke tenestetilbodet, når de skal ut og utøve yrka de valde i del 1.

    1. Kva endringar trur de gjeld alle yrka?

    2. Finn døme på endringar som påverkar enkelte yrke meir enn dei andre.

  2. Drøft kva utfordringar og mogelegheiter endringar i samfunnet kan medføre for yrkesutøvinga dykkar.

  3. Korleis kan helse- og oppvekstsektoren organiserast for å sikre alle lik tilgang på tenester?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2023

Læringsressursar

Oppbygging av tenestene