Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor velferdsstat?

At alle er like mykje verdt, er det same som å seie at alle menneske er fødde med dei same rettane. Desse rettane blir derfor kalla naturlege rettar. Dei viktigaste er retten til liv, fridom og eigedom.
Gråtande nyfødd baby. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Naturlege rettar

Dei utgjer kjernen i det vi i dag kallar menneskerettane, som mellom anna også omfattar retten til:

  • helse
  • bustad
  • mat
  • arbeid
  • utdanning

Blir desse rettane tekne vare på i eit samfunn, seier vi at menneska får oppfylt ein del av grunnbehova sine.

Velferdstaten

Somme foreldre er så rike at dei fullt ut hadde kunna betale for utdanninga til barna og helsetenestene sjølve. Men for dei fleste er det ikkje slik. Det store fleirtalet ville heller ikkje få tilfredsstillande helsetenester dersom dei måtte dekkje alle utgiftene til lege og behandling ved sjukdom.

Ein del menneske er fødde med så store funksjonshemmingar at dei må ha hjelp til det meste i kvardagen, og mange av oss støyter i ulike fasar av livet på problem som vi treng hjelp til å handtere. Da må offentlege styresmakter komme inn med støtte.

Desse døma viser at enkeltmenneske kan trenge hjelp frå offentlege styresmakter for å kunne gjere bruk av rettane sine. Samfunnet som fellesskap tener også på at alle får like sjansar til å delta og får brukt evnene sine. Alle tener til dømes på at flest mogleg får ei solid utdanning, at sjuke får hjelp så dei kan gjere nytte for seg i arbeidslivet, og at så mange som råd får eit inntektsgivande arbeid.

Grunngivinga for velferdsstaten handlar altså om at menneska treng han både som individ og som medlemmer av ein fellesskap. Dei fleste treng velferdsstaten dersom dei skal kunne leve eit menneskeverdig liv med høve til å få oppfylt viktige behov.


Utfordringar til deg:

  1. Kvifor har vi ein velferdsstat, kva for tankar ligg bak?
  2. Kva er kjernen i menneskerettane?
  3. Korleis ville du klart deg i eit samfunn der du sjølv måtte betale for skolegang og legebehandling?
  4. I Noreg er nokre gode behovsprøvde slik som utdanningsstipend og sosiale stønader. Dei aller fleste gode vert tildelte alle menneske, uavhengig av inntekt, til dømes barnetrygd og gratis skole. Kva trur du er årsaka til at det er slik, og kva meiner du om det?
CC BY-NC-SASkrive av Erik Sølvberg. Rettshavar: Fagbokforlaget
Sist fagleg oppdatert 31.01.2018

Læringsressursar

Oppbygging av tenestene