Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rett til medverknad

Brukarmedverknad er ein lovfesta rett til sjølv å medverke i utforminga av eige tenestetilbod. Korleis kan vi gjennomføre brukarmedverknad i helse- og oppvekstsektoren?
Helsefagarbeidar på tur med pasient med rullator. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva seier lovverket?

  1. Gå inn på Helsedirektoratets rundskriv med kommentarar til pasient- og brukarrettslova og barnehagelova kapittel 2 på Lovdata og finn ut kva lovene seier om rett til medverknad. Lag eit tankekart slik at du får oversikt over hovudpunkta.

  2. For at brukarar av helse- og oppveksttenester skal kunne medverke, må du som fagarbeidar legge til rette for reell moglegheit for medverknad. Noter stikkord og reflekter over kva det inneber i arbeid med

    1. barn og unge

    2. brukarar med andre morsmål enn norsk

    3. menneske med nedsett kognitiv funksjon

    4. personar med nedsett fysisk funksjonsevne

Brukarmedverknad i praksis

Vel deg eit av yrka innan helse- og oppvekstfag.

  1. Beskriv ein eller fleire situasjonar i løpet av ein vanleg arbeidsdag der det er viktig å vareta brukarmedverknad.

  2. Det å kunne delta aktivt i utforminga av eige teneste- eller aktivitetstilbod er viktig for opplevinga av meistring. Kva for nokre konkrete tiltak vil du gjennomføre for å vareta retten brukarane har til medverknad i situasjonane du har trekt fram i oppgåve 1?

  3. I nokre tilfelle kan brukarmedverknad komme i konflikt med fagleg forsvarlegheit fordi brukaren ikkje ønsker å følge tilrådingane dine. I kva situasjonar trur du dette kan oppstå i yrket som du har valt?

Refleksjon og diskusjon i grupper

  1. Diskuter situasjonane og tiltaka de kom fram til i spørsmåla om brukarmedverknad i praksis.

  2. Reflekter saman i gruppa og i klassen over dei følgande punkta:

    1. Korleis brukarmedverknad kan bidra til meistring, utvikling og god helse.

    2. Korleis brukarmedverknad kan auke motivasjonen til å gjennomføre aktivitetar som betrar både helsa til den enkelte og folkehelsa.

Relatert innhald

Sjølvbestemming bidreg til motivasjon og kan auke livskvaliteten til eit menneske. Sjølvbestemming handlar om å sjølv få ting til å skje i sitt eige liv.

Korleis kan du rettleie og motivere brukarar som ikkje ønskjer å ete så mykje frukt og grønt, og samtidig vareta brukarmedverknad?

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2022

Læringsressursar

Brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid