Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tverrfagleg samarbeid og brukarstyrt personleg assistanse

I denne oppgåva skal du gjere deg kjend med ulike yrkesgrupper som samarbeider for at brukarar av helse- og oppveksttenester skal få eit heilskapleg tilbod tilpassa dei individuelle behova dei har.
Fire helsearbeidarar diskuterer pasientbehandling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Ta føre deg tre yrkesgrupper som fagarbeidarar innan helse- og oppveksttenester ofte samarbeider med. Kva kompetanse kan dei ulike fagpersonane bidra med i det tverrfaglege samarbeidet?
  2. Kva kan brukar og pårørande tilføre det tverrfaglege samarbeidet?
  3. Kva utfordringar kan oppstå i eit slikt samarbeid?
  4. Gå inn på nettsida til helsenorge.no om brukarstyrt personleg assistanse og finn svar på desse spørsmåla.

    1. Kven kan få brukarstyrt personleg assistent (BPA)?
    2. Kven er arbeidsleiar i BPA-ordninga?
    3. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein BPA?
    4. Korleis søkjer ein om BPA?

Relatert innhald

Oppgåve om yrkesgruppene innan helse-, sosial- og oppveksttenestene med utdanning frå høgskular og universitet.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 08.09.2020

Læringsressursar

Brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid