Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Yrke med høgare utdanning

Som fagarbeidar innan helse-og oppveksttenestene samarbeider du med andre yrkesgrupper for å sikre eit best mogleg tilbod til brukarane. I denne oppgåva kan du lære om utdanninga til yrkesgruppene med utdanning frå høgskular og universitet og kva som er arbeidsoppgåvene deira.
Tre studentar i djup konsentrasjon på lesesalen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tverrfagleg samarbeid

For at tilbodet til brukarar av tenester innan helse- og oppvekstsektoren skal vere best mogleg, er det naudsynt at yrkesutøvarar med ulik kompetanse samarbeider tverrfagleg for å utfylle kvarandre. Nokre gonger samarbeider du også med fagpersonar frå andre instansar, som til dømes politi, brannvesen eller barnevern.

Oppgåver

  1. Vel eit av dei 11 yrka innan helse- og oppvekstfag som du kan tenkje deg å utdanne deg til.
  2. Beskriv ein arbeidsplass der du ønskjer å jobbe, og kva for arbeidsoppgåver du som fagarbeidar har der.
  3. Lag eit oversyn over

    1. kva for yrke med høgare utdanning det er naturleg å samarbeide med på den arbeidsplassen der du ønskjer å jobbe
    2. kva for utdanning dei ulike yrka har
    3. arbeidsoppgåvene til dei ulike yrkesgruppene
  4. Kvifor er det viktig at ulike yrkesgrupper samarbeider der du ønskjer å arbeide?
  5. Ta utgangspunkt i yrket du valde i oppgåve 1. Kva kan du som fagarbeidar bidra med i tverrfagleg samarbeid på arbeidsplassen?
  6. Kva for personlege eigenskapar er viktige for å få eit godt samarbeid på tvers av yrke?

Test deg sjølv

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2019

Læringsressursar

Fagarbeidar