Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fagskuleutdanning

Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning der du kan få meir kompetanse innan faget ditt utan å måtte skaffe deg studiekompetanse først. I denne oppgåva kan du lære om fagskuletilbodet innan helse- og oppvekstfag.

Kva er fagskuleutdanning?

Fagskuleutdanning er eit tilbod for fagarbeidarar som ønskjer utdanning på eit høgare nivå enn vidaregåande opplæring. Mange fagskulestudium krev at du har fagbrev eller tilsvarande realkompetanse for å kome inn, men det er ikkje krav om studiekompetanse.

Det finst både offentlege og private fagskular, derfor er nokre utdanningar gratis, mens andre har ei studieavgift. Fagskuleutdanningane er ofte tilrettelagde slik at du kan jobbe ved sida av studia, og fullført utdanning gir deg studiepoeng som du kan bruke til å søkje om høgare løn.

Oppgåver

  1. Bruk artikkelen om fagskule frå Utdanning.no. Finn ut kva for utdanningar som finst innan helse- og oppvekstfag.
  2. Kva for fagskuletilbod innan helse- og oppvekstfag finst i fylket ditt?
  3. Lag ein digital presentasjon for klassen om minst ei fagskuleutdanning som du kunne tenkje deg å søkje på. Presentasjonen skal innehalde

    1. beskriving av utdanninga
    2. fagskular som tilbyr dette studiet
    3. varigheit og gjennomføring av opplæringa
    4. antal studiepoeng
    5. opptakskrav
    6. studieavgift
    7. jobbmoglegheiter
CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2019

Læringsressursar

Fagarbeidar