Kostrådet om grønsaker, frukt og bær tilrår fem om dagen, altså minst 500 gram om dagen, og halvparten bør vere grønsaker. Korleis kan du rettleie og motivere brukarar som ikkje ønskjer å ete så mykje frukt og grønt, og samtidig vareta brukarmedverknad? Sjå filmen og svar på oppgåvene.
Oppgåver
Kvifor kan det vere utfordrande å motivere til kosthaldsendringar og samtidig vareta prinsippet om brukarmedverknad?
Finn døme på korleis Lasse varetek brukarmedverknad samtidig som han prøver å motivere Bjørn Terje til å velje magrare matvarer når dei er i butikken.
Forklar omgrepet fem om dagen.
Kva er grunnen til at minst halvparten av dei fem om dagen skal vere grønsaker?
Kva seier tallerkenmodellen om kor stor del av eit måltid som skal vere grønsaker?
Lag ein film eller presentasjon med bilete og lyd som handlar om helsegevinstane ved å ete grønsaker og frukt. Han skal vare mellom tre og fem minutt.
Relatert innhald
Nettside hos helsenorge.no
CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2022