Hopp til innhald

Fagstoff

Ernæringstrappa

Ernæringstrappa er ein modell for individretta tiltak for førebygging og behandling av underernæring. I enkelte situasjonar kan det vere rett å kombinere fleire trinn samtidig, og i andre situasjonar kan det vere rett å hoppe over nokre og gå direkte til eit høgare trinn.
Modell som viser prioritering av ernæringstiltak. Frå nedst og oppover: underliggjande faktorar, måltidsmiljø, mattilbod, beriking og mellommåltid, næringsdrikkar, sondeernæring, intravenøs næring. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tanken bak ernæringstrappa er at tiltak blir sette inn på lågast mogleg trinn fordi det er enklast og minst ressurskrevjande.

Underliggjande faktorar

Første trinn i ernæringstrappa er underliggjande faktorar som påverkar ernæringsstatusen. Her tenkjer vi både på fysiske, psykiske og sosiale faktorar som speler inn på matlysta. Kvalme og dårleg tannstatus er døme på underliggjande faktorar som bør bli behandla for at ernæringstiltak skal verke.

Måltidssituasjonen

Måltidssituasjonen er andre trinn i ernæringstrappa. Mat er meir enn ernæring, det handlar òg om den sosiale fellesskapen og trivsel rundt måltida. Aktivitet bidreg til auka matlyst, og rette hjelpemiddel kan bidra til at matinntaket aukar. Dette gjeld ikkje berre for bebuarar på institusjonar. Heimebuande brukarar kan òg ha stor glede av å ete middag på dagsenter saman med andre.

Mattilbodet

Ein del brukarar og pasientar har behov for eit tilpassa kosthald. Det kan vere tilrettelegging på grunn av matallergi, ikkje-allergisk matoversensibilitet eller kosthaldsrelaterte sjukdommar. Det kan òg vere religiøse, kulturelle eller ideologiske forhold som påverkar kva matvarer den enkelte et, og då må vi passe ekstra godt på for å sikre eit variert kosthald som gir tilstrekkeleg inntak av dei ulike næringsstoffa.

Beriking og mellommåltid

Brukarar eller pasientar i ernæringsmessig risiko bør få energiberika kost for å dekkje kaloribehovet ditt. Auka inntak av feitt i maten gir auka kaloriinntak, derfor bør lettprodukt veljast bort når målet er å auke energiinntaket. For mange kan det vere vanskeleg å få dekt energibehovet gjennom store hovudmåltid, og då er energirike mellommåltid eit godt alternativ.

Næringsdrikkar

Næringsdrikkar baserte på meieriprodukt eller klare drikkar kan vere eit godt supplement for å auke energiinntaket viss matlysta ikkje er så god. Mange institusjonar lagar eigne næringsdrikkar, men desse kan òg kjøpast frå apotek. Vi bør servere næringsdrikkar på slutten av måltidet for å unngå ei kjensle av mette, som gjer at personen et mindre.

Sondeernæring

Sondeernæring blir vurdert når matinntaket er for lite eller når det på grunn av ulike sjukdommar eller skadar ikkje er mogleg å ete. Så lenge fordøyingssystemet fungerer normalt, blir parenteral ernæring brukt i staden for intravenøs ernæring fordi det held mage- og tarmsystemet i gang og risikoen for komplikasjonar er lågare. Ernæringssonden blir lagd i magesekken eller tynntarmen. Det er svært viktig at energibehovet er nøye rekna ut før oppstart.

Intravenøs ernæring

Øvste trinn i ernæringstrappa er intravenøs ernæring. Det blir brukt når det ikkje er mogleg å gi næring gjennom matvarer eller sondeernæring. Posane med intravenøs ernæring inneheld berre energigivande næringsstoff, og dei må derfor tilsetjast vitamin, mineral og sporstoff. Væska blir tilført rett i blodet via perifert eller sentralt venekateter. Denne behandlinga skjer som regel på sjukehus, men kan òg givast i andre institusjonar eller heime hos brukarar.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan underliggjande faktorar påverke ernæringsstatusen til ein brukar?

  2. På kva for nokre av trinna i ernæringstrappa kan du som helsefagarbeidar setje inn tiltak?

  3. Kva kan du gjere for å skape ein god måltidssituasjon på praksisstaden din?

Kjelder

Helsedirektoratet. (2013, april). Nasjonale faglige retningslinjer for forebygging og behandling av underernæring (IS-1580). https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/underernaering/forebygging%20og%20behandling%20av%20underern%c3%a6ring%20%e2%80%93%20Nasjonal%20faglig%20retningslinje.PDF

Helsedirektoratet. (2016, september). Kosthåndboka – veileder i ernæringsarbeid i helse- og omsorgstjenesten (IS-1972). https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/kosthandboken/kosth%c3%a5ndboken%20%e2%80%93%20Veileder%20i%20ern%c3%a6ringsarbeid%20i%20helse-%20og%20omsorgstjenesten.PDF

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2022

Læringsressursar

Ernæringsarbeid