Hopp til innhald

Fagstoff

Golv på grunn

Ein vanleg måte å byggje hus på er at vi legg golvet i første etasje på bakken, utan å lage kjellar under golvet. Vi må lage byggjegrunnen slik at vatn blir drenert bort, og vi må isolere mot tele.

Utgraving

Grav ut fine lausmassar som matjord og leire. Kor mykje som blir grave ut, er avhengig av kva slags massar tomta består av. Dersom det er grove massar, som stein, er det lite behov for utgraving. Å grave bort 500 mm er vanleg.

Byggjegrunn

Etter gravinga blir det etablert ein byggjegrunn ved at det blir fylt på med grove drenerande massar, som pukk. Denne byggjegrunnen er eigna til å bere huset.

Drenering

Dreneringsrøyr fører vatnet som kjem ned i byggjegrunnen, bort frå tomta. Ofte blir dreneringsrøyra kopla saman med det kommunale avløpssystemet. Vatn som blir ståande i byggjegropa, kan fryse og gi teleskadar.

Isolasjon

Vi legg markisolasjon i bakken for å hindre at det blir tele i byggjegrunnen.

Fundament og ringmur

Vi byggjer fundament og ringmur av betong eller stein. Det er grunnmuren som veggane i huset blir bygde på.

Golv

Vi må isolere godt under golvet. Vi kan støype golvet av betong, eller vi kan leggje golvplater direkte på isolasjonen.

Klikk på teikninga under for å sjå eit døme på korleis eit bygningsfundament kan isolerast for å motverke tele.

Relatert innhald

For å sikre at eit bygg står stabilt, er det alltid naudsynt å senke nivået på grunnvatnet slik at telen ikkje når ned.

CC BY-SASkrive av Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2020

Læringsressursar

Omarbeiding og flytting av lausmassar