Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein biloppstillingsplass

Praktisk oppgåve om graving og planering for ein biloppstillingsplass.
Forhøgning i bakken av komprimert grus, markert med  rosa og orange trepinnar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuing

Sikker jobb-analyse (SJA)

Før arbeidet startar, må ein utarbeide ein sikker jobb-analyse (SJA). Denne tek føre seg faremoment som kan oppstå under arbeidet. Når aktuelle faremoment er kartlagde, må ein utarbeide ein plan for korleis ein sikrar seg at desse farane ikkje oppstår.

Byggjegrunnen undersøkjast

Aktuelle spørsmål er:

  • Kva slags massar er det i grunnen?
  • Er massane eigna til å byggje på?
  • Viss det er dårleg grunn, kor langt ned er det til fast grunn/fjell?
  • Er det eventuelle kablar/røyr i bakken ein må ta omsyn til?

Gjennomføring

Merke opp plassen

Etter at byggjegrunnen er kontrollert og funnen stabil, er det klart for å merke opp for biloppstillingsplassen. Til dette kan ein nytte måleband, merkespray og trestikk.

Fugleperspektiv: Omriss av biloppstillingsplass og bil. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planere terrenget

Terrenget må planerast til rett nivå. Som hjelpemiddel til å få underlaget plant og rett kan ein nytte ein planlaser.

Forsterkingslag og fiberduk

Fiberduk må nyttast der grunnen består av leire. Denne hindrar at leira trengjer opp i den stabile og beredyktige pukken vi skal leggje ut som forsterkingslag for biloppstillingsplassen.

Forsterkningslaget må leggjast ut til rett høgde. Høgda blir kontrollert med ein planlaser. Det ferdig utlagde forsterkingslaget skal så komprimerast. Det er eigne tabellar for kor mykje det skal komprimerast.

For å tette forsterkingslaget og få ei finare overflate blir det lagt eit topplag av grus. Dette laget er ca. 10 cm tjukt av subus 0–20. Dette laget skal også komprimerast.

Arbeidsoppdraget steg for steg

  1. Merk opp for biloppstillingsplassen. Til dette kan du nytte eit måleband, merkespray og trestikk.
  2. Planer terrenget til rett nivå. Som hjelpemiddel til å få underlaget plant og rett kan du nytte ein planlaser.
  3. Nytt ein fiberduk der grunnen består av leire. Duken hindrar at leira trengjer opp i den stabile og beredyktige pukken vi skal leggje ut som forsterkingslag for biloppstillingsplassen. Fiberduken skal leggjast ut på ferdig avretta og komprimert traubunn.
  4. Legg forsterkingslaget ut til rett høgde. Til forsterkingslag skal det nyttast beredyktige, ikkje telefarlege massar. Eksempel på dette er pukk 20/70. Kontroller utlagd høgde med ein planlaser.
  5. Komprimer det ferdig utlagde forsterkingslaget. Det er eigne tabellar for kor mykje det skal komprimerast.
  6. Legg eit topplag av grus for å tette forsterkingslaget og for å få ei finare overflate. Dette laget skal vere ca. 10 cm tjukt av subus 0–20, og skal også komprimerast.
  7. Legg asfalt eller tekkstein som slitelag dersom du ønskjer ei jamnare og meir solid overflate.
CC BY-SASkrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Læringsressursar

Omarbeiding og flytting av lausmassar