Hopp til innhald

Fagstoff

Stillasbyggjaren

Stillasbygging har tradisjonar fleire tusen år tilbake i tida. Store og små byggverk er bygde, og stillas har vore brukte som tilkomst. I gamle dagar brukte ein gjerne tre og bambus, mens ein i dag bruker stål og aluminium til stillas.
Stillasarbeidarar i Nordsjøen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Større krav til stillasbygging

Tidlegare bygde handverkarane stillasa sine sjølve. Utviklinga har gjort at stillasbygging har vorte meir omfattande og spesialisert, samtidig som krava til tryggleik, økonomi og kvalitet har auka. Det har ført til at stillasa må setjast opp av fagarbeidarar. No er det mange bedrifter som har spesialisert seg på stillas.

Opplæring i stillasbygging

Direktoratet for arbeidstilsynet fastsette i 1989 den såkalla stillasforskrifta. Denne forskrifta vart trekt attende i 2012, men minimumskravet til opplæring vart ført vidare i ny forskrift om «Utførelse av arbeid». I revidert forskrift frå 2015 skal alle som monterer stillas, ha opplæring. Opplæring og dokumentasjon av opplæring varierer med høgda på stillaset og typen stillas ein skal montere.

Stillasbyggjarfaget

Stillasbyggjarfaget vart eit eige fag under lova om fagopplæring i 1989, og det vart oppretta opplæringsråd for stillas i 1990.

Utdanninga som er kravd for å bli stillasbyggjar, er to år i vidaregåande skule, og to år i opplæring i godkjend stillasbedrift. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittelen er stillasbyggjar. Med fagbrev kan du vidareutdanne deg og ta meisterbrev i stillasbyggjarfaget. Det er også mogleg å bli stillasteknikar.

Les meir om stillasbyggerfaget på utdanning.no

Video frå EBA om arbeidet i stillasbyggerfaget (YouTube)

CC BY-SASkrive av Trond Kjetil Egeland og Knut Grønvold.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2023

Læringsressursar

Stillasbyggjaren