Hopp til innhald

Fagstoff

HMS for stillasarbeidaren

Ein som jobbar i stillasbyggjarfaget, arbeider med stillas og arbeidsplattformer. Arbeidet går føre seg både innanlands og offshore. Det er eit spennande yrke som krev særleg fokus på HMS. Stillasarbeidaren legg til rette for andre yrkesgrupper sin arbeidsplass.
Stillas på hus av teglstein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stillasbyggjarfaget er eit fag der ein legg til rette for andre fagarbeidarar slik at dei kan utføre jobben sin på ein sikker måte.

Ulike arbeidsstader

Den som jobbar i stillasbyggjarfaget, får ein variert, krevjande og spennande arbeidskvardag. Heile tida er det ulike arbeidsstader og nye konstruksjonar å arbeide med. Dette gjeld både på fastlandet og offshore.

Arbeid i høgda

Som ein forstår, så går det meste av jobben føre seg i ulike høgder enten rundt, over, under eller inne i forskjellige konstruksjonar. Stillasfagarbeidaren byggjer arbeidsplattformer både i samband med nye konstruksjonar og ved vedlikehald av eldre.

Verneutstyr

Klede og verneutstyr er her som i dei fleste yrke i byggjebransjen. Det er riktig arbeidstøy, vernesko, hjelm, vernebriller, høyrselsvern og hanskar.

I tillegg må stillasfagarbeidaren ha personleg fallsikringsutstyr når arbeidet går føre seg der stillasgolv/arbeidsplattform er 2 meter eller høgare over bakken. Ho må då ha fallsikringssele, fangline med dempar og fallblokk. Det er viktig at dette utstyret er typegodkjent og resertifisert årleg av autorisert verksemd.

Lenker

Forskrift om arbeid i høyden (lovdata.no)

Om arbeid i høyden hos Arbeidstilsynet

CC BY-SASkrive av Knut Grønvold.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2017

Læringsressursar

Stillasbyggjaren