Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Montering av stillas

Stillasmontering er eit samarbeid som ikkje kan gjerast åleine. Tryggleiken er viktig, då det er fare for fallande gjenstandar frå stillaset. Det er også fare for at du eller andre fell ned frå stillaset. Tenk heile tida på tryggleik for deg sjølv og dei du jobbar saman med.

Oppdraget

De skal montere stillas mot ein vegg.

Materiale

  • eit komplett stillas med alle nødvendige delar for å montere eit sikkert stillas
  • underlagsplater dersom underlaget ikkje er fast
  • augeskruar og veggfeste

Verktøy

  • hammar dersom det trengst for å feste delar med kilar
  • fastnøkkel dersom det trengst for å skru saman delar

Verneutstyr (alltid)

  • arbeidsklede
  • vernesko
  • hjelm
  • fallsikringssele

Utføring

  • Utfør ein sikker jobbanalyse SJA før arbeidet tek til.
  • Arbeid roleg utan hastverk.
  • Ha god kommunikasjon med dei du jobbar saman med.
  • Sørg for at stillaset står vassrett og loddrett.

Sikker jobbanalyse

Arbeidslogg og eigenvurdering

CC BY-SASkrive av Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Stillasbyggjaren