Hopp til innhald

Fagstoff

Trelastarbeidaren

Trelastfaget består i å sage og høvle tre til materialar som hovudsakleg blir brukte til å byggje hus med. Trelastnæringa blir rekna som den eldste industrielle næringa i Noreg.

Historie

Det vi kan kalle industriell produksjon av skurlast i Noreg, starta så tidleg som ca. år 1500. Årsaka til at vi kallar det industriell produksjon, var at ein tok i bruk ein sagtype vi kallar oppgangssag.

Les meir om oppgangssag på wikipedia.org.

Energikjelda ein utnytta for å drive desse sagene, var vasskraft. Seinare då den industrielle revolusjonen kom, vart både dampmaskiner og forbrenningsmotorar utvikla og brukte i samband med vidareforedling av tømmeret. Oppgangssagene var einerådande heilt til sirkelsagene vart oppfunne. Utover 1800-talet vart sirkelsager med sirkelrunde blad vanlege for tilarbeiding av tømmeret.

Trelast foredla i Noreg har vorte eksportert til Europa i fleire hundre år, men vart spesielt viktig for landet i samband med industrialiseringa av næringa. Trelastbransjen har sysselsett eit stort tal trelastarbeidarar i mange tiår, men er i dag ei svært automatisert næring. Arbeidsstokken er i dag fagarbeidarar med stor grad av teknisk og praktisk kompetanse innanfor industrielle prosessar.

Fagoperatør i trelastfaget

Yrkesnemninga for dei som arbeider i næringa, er fagoperatør i trelastfaget. Utdanninga er to år i vidaregåande skule og deretter to år som lærling. Utdanninga blir så avslutta med fagbrev. Ein fagarbeidar innanfor denne næringa jobbar vanlegvis på eit sagbruk. Arbeidet der består i hovudsak i å produsere trematerialar til bruk i oppføringar av bygningar, materialar til trevareproduserande fabrikkar og til møbelindustrien.

Yrkesskildring for fagoperatør i trelastfaget på utdanning.no.

CC BY-SASkrive av Kai Henning Andersen og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2023

Læringsressursar

Trelastarbeidaren