Hopp til innhald

Fagstoff

HMS for trelastarbeidaren

Trelastproduksjon går føre seg i store produksjonshallar. Produksjonen er i stor grad automatisert ved hjelp av spesielle maskiner. Noko trelast blir produsert på mindre sagbruk rundt omkring, ofte i samband med eit gardsbruk.
Hørselvern på materialstabel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Risiko og førebygging

Helsefarene er som i industrien, der kraftige maskiner blir styrte og behandla. Det er utarbeidd interne HMS-tiltak for å sørgje for at dei som arbeider i produksjonsanlegga, kan arbeide trygt.

Opplæring og sertifisering

Det er krav om opplæring og sertifisering av personell og utstyr for å ivareta tryggleiken.

Kuttskader

Det som er ein spesiell fare ved sagbruk, er kutt og kappskadar frå sagblad.

Klemfare

I produksjonshallane er det fare for å bli klemt av maskiner, truck o.l.

Støy og støv

Arbeidet i produksjonslokala fører med seg ein del støy og støv. Ofte blir produksjonen styrt frå kontrollrom som vernar mot støy og støv.

Personleg verneutstyr

Når det gjeld personleg verneutstyr og tiltak, så er dette som for byggje- og anleggsbransjen elles.

Ein bruker eigna arbeidstøy, høyrselvern, vernesko, hjelm, støvmaske, hanskar og vernebriller når slikt er påkravd.

CC BY-SASkrive av Kai Henning Andersen og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2017

Læringsressursar

Trelastarbeidaren