Hopp til innhald

Fagstoff

Trelastproduksjon – del 1: oppgjersmåling og saging

Dette er del 1 av 3 i ein serie som tek for seg tømmeret si ferd frå hogst til ferdig trelast. I denne delen lærer du om korleis tømmeret blir teke imot og oppgjersmålt, og vidare korleis det blir saga og sortert.

Tømmermottak og oppgjersmåling

Mottak

Etter at tømmeret er frakta til tømmerterminalen, blir det køyrt til lagring. Tømmeret som blir lagra, må haldast fuktig for at det ikkje skal tørke ut og sprekke opp. Dette ville gått utover kvaliteten til produkta som skal lagast av tømmeret.

Oppgjersmåling

Alt tømmeret skal oppgjersmålast. Det betyr at ein måler kor mykje tømmer som har blitt hogd, og undersøkjer kvaliteten, for å finne ut kor mykje skogeigaren skal få betalt. Dette arbeidet blir utført av ein tømmermålar, som styrer maskineriet og sjekkar at det er korrekt lengd og diameter på stokken.

Tømmeret som ikkje blir køyrt gjennom maskineriet, tek ein bilete av frå ulike vinklar og reknar ut masse og volum. Også her blir kvaliteten på tømmeret kontrollert.

Barking

Tømmeret blir så køyrt gjennom ei barkemaskin, som fjernar borken på tømmeret. Då blir det kalla barka tømmer. Deretter blir tømmeret sortert i ulike lommer før det blir køyrt vidare til saging.

Du kan lese meir om tømmermåling i eit historisk perspektiv hos Norsk Virkesmåling.

Sjå oppgjersmåling og vurdering av tømmer i 360°

Klikk med musepeikaren og sjå deg rundt. Videoen fungerer best i fullskjerm.

Saglinja – saging og sortering av tømmer

Tømmerstokk som er sagd opp i delar som er nummererte frå 1 til 3. Nedanfor står denne teksten: 1. panel, listverk, forskaling; 2. bord, plank, kledning; 3. konstruksjonsvirke. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Saging

Etter barkinga skal tømmeret sagast. Då blir kvar stokk delt på langs i ulike storleikar. I videoen over består maskineriet av tre ulike sager med fleire sensorar, som saman med eit dataprogram finn ut korleis stokken bør sagast for å utnytte materialet best mogleg.

Sortering

Dei ferdig saga plankane blir kappa i rett lengd og sorterte ut frå kva dimensjon dei har. Kvar dimensjon har si eiga lomme, som plankane blir sleppte ned i. Når lomma er full, blir ho køyrd ut og pakka før ho går vidare til tørking.

Sjå dei ulike delane av saglinja i 360°

Klikk med musepeikaren og sjå deg rundt. Videoane fungerer best i fullskjerm.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marius Weum Stick, Tom Knudsen og Jarle Sten Olsen.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2022

Læringsressursar

Trelastarbeidaren