Hopp til innhald

Fagstoff

Muraren

Murarfaget har lange tradisjonar og stor variasjon i arbeidsområdet. Muraren byggjer nytt og rehabiliterer gammalt murverk, og nyttar seg av ulike material og løysingar i arbeidet sitt.
Murar lagar vegg i teglstein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Murarfaget

Som murar kan du jobbe sjølvstendig, men også vere ein del av større prosjekt ved bygging, reparasjon eller vedlikehald av små og store bygningar. Ein murar må også vere nøyaktig og ha praktiske evner, ein må ha evna til å jobbe planmessig og kunne kommunisere godt med kundar og kollegaer. Det er også viktig at arbeidet blir utført i samsvar med dei lovene og forskriftene som gjeld.

God fysikk og evna til å tilpasse seg ulike arbeidssituasjonar er viktig. Kreativitet og evna til å sjå løysingar er eigenskapar som er sentrale i delar av ein murar sitt arbeid.

Arbeidsområde

Arbeidsområda spenner frå utvendige konstruksjonar som krev kunnskapar om å stå imot vêr og vind, til innvendig arbeid med små detaljar som krev nøyaktig utføring.

Murarfaget er eit gammalt handverksfag med lange tradisjonar. Sjølv om ein del i faget er endra og modernisert, er det framleis det handverksmessige arbeidet som er viktig.

Les meir om murarfaget på utdanning.no

Video om arbeidet i murerfaget (frå EBA på YouTube)

CC BY-SASkrive av Knut Grønvold.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2023

Læringsressursar

Muraren