Hopp til innhald

Fagstoff

Mørtel

I eit murverk blir delane sette saman med det vi kallar mørtel. Mørtelen er limet i konstruksjonen, og han består av sement, vatn og tilslag.

Skildring

Murmørtel finst i ulike kvalitetar med ulike eigenskapar. I all mørtel finst det eit bindemiddel som held materialet saman. Murmørtel består av bindemiddelet kalk eller ein kombinasjon av kalk og sement. Dermed skal vi kunne velje riktig type mørtel til ulike typar konstruksjonar eller oppdrag. Mesteparten av mørtelen vi bruker i dag, kjem ferdigblanda frå fabrikk. Det vil seie at vi berre tilset vatn når vi blandar ut mørtelen. Mørtel kan også blandast ved hjelp av sand, sement og vatn.

Blanding

Blanding av mørtel kan skje på fleire måtar, ved hjelp av blandevisp, tvangsblandar, frittfallsblandar eller skrueblandar. I tillegg kan ein sjølvsagt ved små mengder blande manuelt med mureskei eller spade.

Her viser vi blandevisp og tvangsblandar:

Mottak og lagring

Det som er viktig å tenkje på når vi tek mot og lagrar materiala til mørtel før samanblanding, er å handtere materiala slik at dei ikkje kjem i kontakt med fukt og vatn. Dette er materiale som trekkjer til seg fukt. Dersom dei ligg i fuktig klima over tid, så vil dei bli øydelagde.

CC BY-SASkrive av Frode Andre Sletholen, Knut Grønvold og John Gunnar Johnsrud.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Muraren