Hopp til innhald

Fagstoff

Pussing av vegg

Pussing av ein vegg består i at vi legg mørtel på veggen i tynne lag. Påføring skjer ved at vi anten stryk mørtelen på veggen med eit brett, kastar han på veggen med ei skei, eller sprøytar han på veggen. Etterpå pussar vi mørtelen jamn med eit brett.
Murer legger mørtel på en murvegg. Foto.

Pussing av veggar har fleire funksjonar:

  • lage ei fin og jamn overflate
  • beskytte konstruksjonen mot ytre påkjenningar
  • tette mot inntrenging av vatn
  • underlag for andre overflatebehandlingar slik som flis, måling osv.

Talet på lag med puss på ein konstruksjon avheng av påkjenningar, utsjånad og overflatebehandlingar. Dette må vurderast i kvart enkelt tilfelle.

Video på Youtube om korleis ein pussar ein murvegg.

CC BY-SASkrive av Knut Grønvold og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Muraren