Hopp til innhald

Fagstoff

Bygginnreiaren

Trevare- og bygginnreiingsfaget er det vi kan kalle den industrielle delen av snikkarfaget. Dette faget er eit fag som har komme som resultat av industrialiseringa av tradisjonelle handverksfag. Det faget ein ser mest slektskap med, er møbelsnikkarfaget og liknande fag.

Historie

Dette er fag ein kan trekkje linjene til fleire tusen år tilbake i tid. Dei som arbeider innanfor denne bransjen i dag, jobbar vanlegvis i ei produksjonsbedrift som produserer dører, vindauge, trapper og spesialinnreiingar i tre. Hovudsakleg er arbeida i tre, men andre materiale førekjem også. I mange bedrifter høyrer montering av produkta som blir produserte, med som ein viktig del av jobben. Det vanlege innanfor desse faga er at bedriftene er meir eller mindre spesialiserte. Dette vil då seie at dei fleste bedriftene har spesialisert produksjonen sin ved å produsere dører, vindauge, trapper eller spesialinnreiingar.

Kunnskapar og ferdigheiter

Som for alle handverksbaserte fag er det å kunne lage teikningar og skisser grunnleggjande viktig. Ein fagperson må kunne lese og forstå teikningar og arbeidsskildringar. Ein må kunne velje føremålstenlege materiale til det som skal produserast. Vidare må ein kunne velje eigna samanføyingsmetode. Ein må kunne velje føremålstenleg maskin for tilarbeidinga, og ikkje minst må fagarbeidaren kunne jobbe med fokus på helse, miljø og sikkerheit under heile prosessen. Fagarbeidarane jobbar vanlegvis i team eller grupper som samarbeider om produksjonen. Gjennom samarbeidet oppnår dei god flyt slik at dei held leveringstidene.

Ny teknologi har vorte tatt i bruk i produksjon og planlegging i dei aller fleste bedriftene innanfor trevare-og bygginnreiingsfaga. Det er i dag vanleg å ha datastyrte CNC-maskiner i produksjon av delar og tilarbeiding av emne. Det er også i nokre bedrifter høg grad av automatisering i produksjonen. Dette fører til at interesse for å arbeide med mekaniske og tekniske prosessar er nyttig. Ein bør like å skape med hendene ved hjelp av verktøy og maskiner. Mange arbeidsoppgåver kan stille krav til kreativitet og evne til å finne løysingane på utfordringer.

Skildring av utdanningsløp trevare- og bygginnredningsfag på utdanning.no.

CC BY-SASkrive av Kai Henning Andersen og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2023

Læringsressursar

Bygginnreiaren