Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Arbeidsoppdrag for bygginnreiaren

I denne oppgåva på verkstaden skal du lage ei enkel trapp.
Trappevange og trapp. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag ei trapp

Du kan anten sjølv bestemme alle måla på trappa slik at ho passar ein plass der ho kan brukast, eller du kan bruke måla i oppgåva.

Mål

  • høgd på trapp 900 mm
  • opptrinn 180 mm
  • inntrinn 270 mm
  • breidd trinn ca. 750 mm
  • høgd vange min. 230 mm
  • høgd handlist 900 mm

Resten av måla er avhengige av dine val av materialar.

Materiale

  • høvla skurlast
  • lim
  • skruar

Du må kanskje lime saman fleire delar for å lage vangar som er høge nok.

Verktøy

  • meter og blyant
  • fres og fresemal
  • 2 stk. 90⁰ vinklar
  • skrumaskin og tvinge

Utføring

Trappedelane må lagast og monterast nøyaktig slik at trappa blir rett og pen. Dersom trappa skal brukes, må det lagast rekkverk med handlist og balustrar.

Trapp med håndlist. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikningsfil for SketchUp og andre teikneprogram.

Trapp tegningsfil

Filer

Arbeidslogg og eigenvurdering

Åpne lenka og last ned din eigen versjon, som du fyll ut.

Arbeidslogg og eigenvurdering (Googledokument)

CC BY-SASkrive av Kai Henning Andersen og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Bygginnreiaren