Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

"Plant eit tre"

I dette arbeidsoppdraget skal du øve deg på å lage reklame til ulike målgrupper og kanalar. Vel naturvernorganisasjonen som har bestilt oppdraget. Korleis skal du utforme bodskapen for to ulike målgrupper og kanalar?
Eit barn og ein vaksen med kvart sitt spirande tre i hendene. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Finn ut i klassen kva naturvernorganisasjonar de kjenner til. Vel dykk éin av dei.
  2. Bodskapen er: "Plant eit tre". Du kan omformulere dette og leggje til informasjon.
  3. Lag to digitale reklameplakatar.
    • Den eine reklameplakaten skal vere retta mot vaksne. Den skal vere et banner på nettsidene til vg.no.
    • Den andre reklameplakaten skal vere retta mot 16–19-åringar. Denne skal dukke opp som reklame mellom "stories" på Snapchat.
  4. Definer målgruppe og lag personas.
  5. Gjer deg kjend med stil og format for reklame i dei to ulike kanalane.
  6. Lag moodboard og grovskisser.
  7. Finn brukbare bilete på nett, eller ta eigne bilete om nødvendig.
  8. Produser reklamane dine.
  9. Skriv refleksjonsnotat, og lever plakatane og refleksjonsnotat til læreren din.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar