Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kommunikasjon har kortfilmen?

Bruk omgrepa du har lært til å beskrive det som skjer i filmen:

Oppgåve 1

Personleg kommunikasjon

  • Kva trur du er jenta si intenderte meining? (det ho vil formidle)
  • Korleis kommuniserer ho det? (kodar)
  • På kva for måte vil du seie det er støy i kommunikasjonen?
  • Kva trur du er guten si avkoda meining? Er ho veldig forskjellig frå jenta si? Gi grunn for svaret ditt.
  • Kvifor sit dei i ein fotoboks?
  • Korleis påverkar samtalen jenta får på mobilen kommunikasjonen mellom henne og guten?
  • Kva trur du Kine seier til jenta i denne samtalen?

Oppgåve 2

Mediekommunikasjon

  • Kven er avsendar av filmen?
  • Kva er bodskapen til filmen?
  • På kva for måte har filmskaparen koda bodskapen sin inn i filmen? Kva for verkemiddel er brukt?
  • Kva for kanal er filmen formidla i?
  • Korleis forstår du bodskapen? Tenkjer du at du forstår bodskapen slik avsendaren har tenkt han?
  • Gi nokre døme på moglege kjelder til støy for kommunikasjon av bodskapen i filmen.

Relatert innhald

Eit kjærastepar er i ein fotoautomat og prøver å ta eit bilete som dei begge kan vere nøgde med.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2018

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar