Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåve om sjangrar og format

Har du klart for deg kva som er ulikskapar mellom sjangrar og format?
Tre elever som snakekr sammen. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Gruppeoppgåve

Gå saman i grupper på tre elevar.

Finn eksempel på tre ulike mediesjangrar og gjer greie for typiske sjangertrekk. Bruk gjerne eit skjema som dette i registreringsarbeidet: Eksempel på sjangertrekk.

Del det de har funne ut, med resten av klassen på skulen sitt LMS eller i klassen sin blogg.

Oppgåve 2: Diskusjonsoppgåve

Diskuter i klassen om det går an å seie at det finst gute- og jentesjangrar. Argumenter for kvifor eller kvifor ikkje.

Tips til diskusjonen

Når de argumenterer for standpunkt:

  • Vis til konkrete medieuttrykk innan journalistikk, reklame, informasjon og underhaldning.
  • Vis til sjangertrekk ved innhald, formgiving, føremål og medieuttrykket sin relasjon til verkelegheita.

Oppgåve 3: Eigenvurdering

Gå igjen saman i grupper på tre. Still følgjande spørsmål til kvarandre etter tur (og vent på svar):

  1. Veit du no kva omgrepa sjanger, sjangertrekk og format tyder, eller er det noko du har behov for å få forklart nøyare av dei andre i gruppa?
  2. Trur du at du no kan nytte det du har lært om sjangrar og format når du skal vurdere andre sine medieuttrykk?
  3. Trur du at du no kan nytte det du har lært om sjangrar og format når du skal lage eigne medieuttrykk?
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2018

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar