Hopp til innhald

Fagstoff

Smittevernlova

Lov om vern mot smittsomme sykdommer tredde i kraft i 1995. Lova skal sikre behova for den enkelte og samfunnet for smittevern samtidig som ho skal ta vare på rettstryggleiken til enkeltpersonar som blir omfatta av smitteverntiltak.
Ung kvinne sit på T-banen med munnbind på. Mannleg passasjer i bakgrunnen har òg munnbind. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremålet til lova

Smittevernlova skal verne oss mot smittsame sjukdommar ved å førebyggje og forhindre spreiing av smitte. Lova skal òg sikre at både nasjonale og lokale styresmakter set i verk smitteverntiltak, og ta vare på rettstryggleiken til dei som blir omfatta av tiltaka.

Når og for kven gjeld lova?

Smittevernlova gjeld for alle som oppheld seg i Noreg uavhengig av om dei er norske statsborgarar, og uansett kor lenge dei oppheld seg i landet. Det inneber at personar har rett til smittevernhjelp sjølv om dei ikkje har fulle rettar til helsehjelp i Noreg i samsvar med pasient- og brukarrettslova. Dei har òg plikt til å følgje lova sjølv om dei ikkje bur fast i landet.

Lova gjeld alle smittsame sjukdommar, men har særlege reglar om tiltak for sjukdommar som blir rekna som allmennfarlege smittsame sjukdommar. For sjukdommar er svært smittsame, opptrer hyppig, har høg dødelegheit eller kan gi alvorlege skadar, er regelverket strengt og i nokre tilfelle knytt til straffelova. For helsepersonell medfører desse føresegnene

  • plikt til å gi personleg smitterettleiing til smitta personar
  • unntak frå teieplikt for å forhindre smittespreiing
  • meldeplikt i Meldingssystemet for smittsomme sykdommer (MSIS)
  • plikt til å undersøkje smitta og drive med smitteoppsporing

Pliktane til pasienten

Personar som har grunn til å tru at dei er smitta med ein allmennfarleg smittsam sjukdom, har plikt til å gi beskjed og gi opp naudsynte opplysingar om truleg smittekjelde og moglege smittemottakarar. Den som er smitta, har ikkje plikt til å få behandling for sjukdommen, men er pålagd å følgje smittevernrettleiinga frå lege eller anna helsepersonell. Tvang kan nyttast dersom personen motset seg tiltak som kan førebyggje eller forhindre smittespreiing.

Utfordringar til deg

Diskuter i grupper:

  1. Kva kan vere årsaker til at personar vel å sjå bort frå tilrådingar frå helsestyresmaktene for å avgrense smittespreiing?
  2. Kvifor er det viktig å ta vare på rettstryggleiken til enkeltpersonar som blir omfatta av smitteverntiltak, og samtidig sikre interessene til samfunnet?
  3. Når kan det vere etisk forsvarleg med bruk av tvang for å forhindre smittespreiing?

Kjelde

Folkehelseinstituttet. (2019, 1. juli). Lovverk og smittevern – veileder for helsepersonell. Henta 12. november 2020 frå https://www.fhi.no/nettpub/smittevernveilederen/temakapitler/lovverk-og-smittevern/?term=&h=1

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.11.2020

Læringsressursar

Hygiene og smitteverntiltak