Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis praktisere god hygiene?

For å kunne førebyggje smitte må vi vite kva god hygiene er, og vi må kunne praktisere det i kvardagen. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du òg lære barn og unge om viktige hygienetiltak.
Handvask under rennande vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Lag plakatar

Du skal lage to plakatar, ein om handhygiene og ein om kjøkkenhygiene.

Målgruppa for plakatane er barn som ikkje kan å lese. Du må derfor bruke bilete som illustrerer kva barna skal gjere. Du vel sjølv om du vil teikne eller nytte fotografi på plakaten. Det skal vere stegvis informasjon, altså må dei ulike trinna bli viste i den rekkjefølgja barna skal gjere det.

Heng opp plakatane i klasserommet eller i fellesareal på skulen. Du kan òg gjerne ta dei med til praksisstaden din og spørje om dei vil ha dei.

Oppgåve 2. Svar på spørsmål om hygiene

  1. Korleis kan vi førebyggje smitte?

  2. Kva er god handhygiene?

  3. Korleis bør stell og bleieskift gå føre seg for å sørgje for god hygiene?

  4. Korleis bør vi reingjere leiker og utstyr?

  5. Korleis behandlar du blodsøl?

  6. Kva er god kjøkkenhygiene, og kvifor er det så viktig?

  7. Kva har den personlege hygienen din å seie i arbeid med barn og unge?

  8. Med tanke på miljøet kan eingongshanskar vere eit miljøproblem. I kva situasjonar vil du nytte eingongshanskar?

  9. Kvifor trur du det er viktig å vaske leiker regelmessig, og kva rutinar må barnehagar/SFO ha for å gjennomføre dette?

  10. Barnehagen er på tur. Finn ut korleis du kan sørgje for god hygiene for dei tilsette og barna når

    • det skal skiftast bleier

    • barna leiker

    • de skal ete

    • barn må på do

    • eit barn har falle og slått seg og blør

  11. Tannhygiene er ein del av den daglege hygienerutinen.

    • Er tannstell ein del av barnehagekvardagen?

    • Korleis kan du hjelpe barn og unge til å bli medvitne eige tannstell? Beskriv kva du vil gjere, og forklar kvifor du vil gjere det slik.

Oppgåve 3. Lag ein plan

Når barn og unge lærer å utføre handvask og lærer om smittevern, vil det gi mindre førekomstar av smittsame sjukdommar som luftvegsinfeksjonar og diaré. Korleis vil du gi barn erfaring med handvask og hygiene?

  • Lag ein plan for arbeid med temaet hygiene. Planen må strekkje seg over ein viss periode, du vel sjølv kor lenge de skal jobbe med det.

  • Vel innhald, arbeidsmåte og mål for opplegget. Skriv korleis du vil vurdere og dokumentere arbeidet. Under arbeidsmåtar er det viktig at du presiserer korleis vaksne bør opptre for å vere gode modellar og motivere barna.

  • Når du vel innhald, kan det vere ein idé å tenkje på dei ulike fagområda i rammeplanen, slik at du får variert innhald i perioden. Områda er kropp, rørsle, mat og helse, kunst, kultur og kreativitet, natur, miljø og teknologi, tal, rom og form, etikk, religion og filosofi og nærmiljø og samfunn.

  • Presenter gjerne planen din for resten av klassen, då kan de få fleire idéar til korleis de kan jobbe med temaet hygiene.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 24.05.2021

Læringsressursar

Hygiene og smitteverntiltak